Eit knapt fleirtal i fylkesutvalet krev at regjeringa køyrer kommunesamanslåing og region-/fylkesprosessen parallelt.

Utvalet krev også at fylkeskommunen skal ta ei aktiv rolle i utgreiingsarbeidet av kommune-/regionprosessen saman med fylkesmannen og KS i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylkeskommune må også starte eit arbeid i lag med aktuelle samarbeidspartnarar, for å sjå på kva oppgåver som kan flyttast frå staten til fylkeskommunen og frå stat/fylke til kommunane i Møre og Romsdal, krev fylkesutvalet.

Forslaget vart sett fram av Gunn Berit Gjerde og Iver Nordseth, begge Venstre.

Dei tre punkta vart sett under votering eitt for eitt. Første punktet vart vedteke mot fem stemmer, det andre mot seks og det siste mot fem stemmer.

Defensiv

Iver Nordseth (V) gav uttrykk for at prosessen med kommunereforma som er sett i gang har vore defensiv. Han meinte det var nødvendig med parallelle prosessar om vi framleis ynskjer eit regionalt nivå.

– Vi må ta grep sjølve og stille krav – og ikkje berre ta til orientering det som skjer, sa Iver Nordseth.

Torgeir Dahl (H) gav støttereplikk til Iver Norseth, men gjorde det samstundes klårt at han ikkje kunne støtte forslaget frå Venstre.

Skrekk-scenario

Torgeir Dahl vedgjekk at det ikkje er fleirtal i dagens Storting om å avvikle fylkeskommunen. Hans verste skrekk-scenario er at vi endar opp med ein region-fylkeskommune, og at fylket vert ein slags vasall-stat under Trondheim.

– Det vil vere uheldig om det vert jaga på ein regionreform. Då kan fylkeskommunen lett kome under press, sa Torgeir Dahl som meinte det var rett i første omgang å konsentrere seg om kommunereforma og sjå korleis den landar.

Lite entusiasme

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) oppfattar det slik at det er svært lite entusiasme rundt kommunereforma.

– Og eg trur faktisk at kommunereforma er ein del av opplegget for å få bort fylkeskommunen, sa fylkesordføraren som gjorde det klårt at han ville støtte forslaget frå Venstre.

Alle egg i korga

Toril Melheim Strand (Ap) uttrykte bekymring for at Møre og Romsdal fylkeskommune kan kome i skvis.

– Om det er slik at vi skal avvikle fylkeskommunen, må vi vite kva som skal skje med dei oppgåver som fylkeskommunen har i dag. Derfor må alle egg leggjast i korga frå første stund. Dersom det er slik at vi i framtida ikkje skal ha eit regionalt nivå, er det grunn til å frykte at fylkesmannen får meir makt, sa Toril Melheim Strand.

Toril Melheim Strand (Ap). Foto: Petter Sandvik