Sett under eitt er det 56 prosent av dei  spurde som er einige i målsetninga med Stortinget si kommunereform – å få færre kommunar. Like mange er også klare for at deira eigen kommune bør slå seg i lag med ein eller fleire nabokommunar.

Ein tredel vil at kommunane skal halde fram som i dag og berre sju prosent meiner at heile Sunnmøre bør bli ein kommune.

Byangst

I følgje denne undersøkinga er det kun i Giske, Sula og Stordal kommune der det er fleirtal i mot kommunesamanslåing.

Sjølv om kommune for kommune får eit såpass lite utval at ein må ta tal og resultat med ei klype salt, så merker Sula seg likevel ut med berre 28 prosent som er klare for å slå seg saman med ein nabokommune. To tredelar i Sula meiner ein bør halde fram som før.

Og sjølv om folk i Sula peikar ut Ålesund som muleg «partner» dersom dei må velje, har dei likevel lite tru på at noko som helst vil bli betre. Jamnt over har innbyggarane i Sula svart at dei ulike kommunale oppgavene vil bli løyst på ein dårlegare måte dersom det vert kommunesamanslåing.

Litt av den same byangsten kan ein kanskje sjå for Vestnes der berre fem prosent av dei spurde seier Molde kan vere eit alternativ for samanslåing.

Vanylven mest positive

I den andre enden av skalaen merker Vanylven seg ut. Dei har flest av dei spurte som svarer at dei er klare for kommunesamanslåing, 78 prosent. Dei har også like mange som Ålesund som svarer at dei er klare for ein storkommune med heile Sunnmøre. Og dei har færrast som svarer at dei vil halde fram som før.

Søre delt i to

Ørsta er den kommunen som kjem på andreplass over kor mange som er klare for kommunesamanslåing. Og ørstingane viser seg å vere svært glade i naboane sine i Volda.

Ingen andre kommunar er så klare på kven dei vil slå seg saman med målt ut frå samla tal på frivilleg samanslåing og dersom dei må velje ein kommune. 94 prosent av dei spurde ørstingane, samla både av dei som vel ein partnarkommune frivilleg og dei som gjer det under tvang, svarer Volda. I Volda svarer 86 prosent Ørsta.

Dette sender duoen Ørsta/Volda til topps saman med Ulstein/Hareid på lista over kommunar som er klare for kvarandre.

Men for Søre Sunnmøre sin del er det heilt tydeleg at Eiksundsambandet, pendling og mykje grensekryssande shopping av både varer og tenester i tillegg ei lang rekkje interkommunale samarbeid ikkje  har vore nok til å knyte heile regionen så tett saman at innbyggarane er klare for ein Søre-kommune.

Det er berre nokre få av innbyggarane både innanfor og utanfor Eiksund-tunnelen som dreg opp heile Søre som val når dei blir spurde om kva for ein eller kva for nokre kommunar ein bør slå seg saman med.

Rådhus viktigare enn namn

For heile Sunnmøre sin del kjem det fram at 43 prosent av innbyggarane meiner plassering av rådhuset ville vore viktig, medan noko færre, 33 prosent, meiner det nye kommunenamnet vil vere viktig.

Jamt over er menn meir positive til kommunesamanslåing enn kvinner, og dei unge, dei under tretti år er minst einige i målet om færre kommunar, medan innbyggarane i alderen 30-59 er mest einige.