I undersøkinga som Sentio Resarch Norge har gjort for Sunnmøre regionråd er folk utfordra til å svare på kva kommune eller kva for kommunar dei kan tenke seg å slå seg saman med. Svara gjeld både dei som er positive til kommunesamanslåing og dei som er negative. Dei siste har svart ut frå kven dei kan tenke seg om dei blir tvungne til samanslåing.

Utvalet per kommune er lite, men kan likevel gi ein peikepinn på tendensar iallfall der mange av dei spurde dreg i same retning.

Gode naboar

Ørsta/Volda og Ulstein/Hareid ligg på topp med høgast skår. Herøy/Sande, Ørskog/Skodje og Ålesund/Sula kjem på dei neste plassane.

Sentio Resarch uthevar sjølv dei kommunane der meir enn 50 prosent av dei spurde svarer kvarandre, og i oppsettet Sunnmørsposten har laga har vi brukt høgarer enn 50 prosent som eit teikn på "match". Vi har ikkje teke med dei kommunane som er ønskt av færre enn ti prosent.