Sunnmøre regionråd har torsdag invitert alle formannskapa i dei nitten medlemskommunane til møte om kommunereformen.

Då leiar av programkomiteen, Ørsta-ordførar Rune Hovde, gjekk på talarstolen og ønskte velkomen såg han utover ei forsamling med godt over 180 personar.

– At her er så mange viser at de har teke alvoret innover dykk, sa han.

Følg smp.no på Facebook

Statssekretær i kommunaldepartementet, Kristin Holm Jensen, streka under alvoret.

– Dette kjem ikkje til å gå over. Alle må engasjere seg og ta stilling i denne saka.

Jensen sa at målet var å spreie makt.

– Vi vil ha sterkare lokalsamfunn.

Minst tre tilsette

Ho viste til at samfunnet hadde endra seg mykje sidan 60-talet då kommunane dreiv med skule, skatt og trygd, og hadde krav om å ha minst tre tilsette. Ikkje alle kommunar greidde å innfri det kravet.

Jensen peikte også på at bu- og arbeidsmarknadsregionane i dag ikkje følgde kommunegrensene. I tillegg tok ho fram at kommunane sine oppgaver stadig oftare vert løyst av interkommunale ordningar.

– Då får ein oppgaveløysing som ikkje er underlagt demokratisk kontroll.

Målet er mellom anna betre og meir likeverdig tenester og sterkare fagmiljø i tillegg til kommunar som er store nok til å drive samfunnutvikling å ta opp kampen med for eksempel jenteflukt frå Møre og Romsdal.

Gode erfaringar

Kristin Holm Jensen la også fram erfaringar frå kommunar som har slått seg saman for den store forsamlinga av formannskapsmedlemer.

– Kommunar som har endra kommunegrenser fortel om auka handlingsrom, betre og større fagmiljø, meir ressursar og at dei får behalde det desentraliserte tenestetilbodet. Dei har også snudd negativ befolkningsutvikling.

Får vite resultatet klokka to

Formannskapsmedlemene skal også mellom anna få høyre meir om erfaringane frå den danske kommunereformen, men spenninga knyter seg nok mest til utfallet av spørjegranskinga som har vore på Sunnmøre.

Klokka 14 vert resultatet lagt fram.

Les meir om saken på smp.no utover ettermiddagen.