Ein mann i 60-åra vart fredag kveld frakta til Ålesund sjukehus med alvorlege skadar, etter ein brann i ein firmannsbustad på Eggesbønes.

Oppdatering: Måndag klokka 12 opplyser Haukeland sjukehus at mannen framleis er kritisk skadd.

Laurdag vart mannen sin tilstand omtala som alvorleg men stabil. Dagen etter var tilstanden forverra, og Ålesund sjukehus opplyste at han skulle overførast til Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden vart søndag omtala som kritisk, det same seier altså legane på Haukeland.

Redda ut av naboar

Ifølgje politi og brannvesen var det naboar som oppdaga at mannen låg inne i leilegheita si.

- Dei tok seg inn til han ved å knuse eit vindauge, og fekk deretter dratt han ut. Kort tid etter kom naudetatane til staden, heiter det frå operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt. Kriseteamet i Herøy kommune er involvert som følgje av hendinga.

Evakuert

Alle leilegheitene i firmannsbustaden vart evakurert under brannen, fredag, og desse vil også vere evakuert framover, melder politiet.

- Bebuarane er innlosjert dels på hotell og hos vennar og familie, opplyser operasjonsleiar Amdam. Ifølgje politiet kom ingen andre til skade under brannen.

- Trudde det brann i fjernsynet

Monica Mork er ein av dei som bur i firmannsbustaden. Gjennom kraftig røyk klarte ho og mor hennar å varsle dei andre bebuarane og sjølv kome seg ut frå det brennande huset.

Mork veit ikkje kor lenge det tok frå då ho kjende røyklukt til dei vart merksame på at det brann.

- Mor mi var på besøk, og vi sat og såg på film då vi kjende røyklukt. Vi trudde først det var fjernsynet som brann, men det var det ikkje. Vi lufta ut, men røyken vart stadig sterkare. Då var det nokon utanfor som ropte at det brann i bustaden under, seier Mork til til smp.no.

Mora tok seg ned med brannslukkingsapparat, men røyken vart for tjukk til at ho kunne gjere noko.

- Vi måtte berre ta med oss det mest nødvendige og kome oss ut, fortel Monica om den dramatiske opplevinga.

- No er eg berre lei meg for det som hende og for alle tinga mine og kleda som er øydelagde av røyken. Nokre fotografi fekk vi berga ut, seier ho.

Meldt i 19-tida

Møre og Romsdal 110-sentral fekk melding om bustadbrannen på Eggesbønes klokka 19.07.

- Ein eldre mann er henta ut av folk som kom til staden, fortalde brannmeister Kjetil Iversen ved Møre og Romsdal 110-sentral til smp.no rett før klokka 19.30.

Brannvesenet var då framleis på staden og hadde gått inn med røykdykkarar.

- Det brann ganske kraftig inne i leilegheita det gjeld, men huset er ikkje overtent, sa brannmeisteren vidare.

Brannen vart meldt sløkt klokka 19.30.

Politiet reknar leilegheita det brann i som totalskadd.

Foto: Carl-Henrik Moltumyr
Foto: Carl-Henrik Moltumyr