FØRDE (smp.no): Det kom fram då den tiltalte danske legen (47) forklarte seg for Fjordane tingrett måndag.

– Sjølv om det ikkje var mi skuld, så var det forferdeleg at det var eit anna menneske som var død, forklarte den tydlege prega mannen i rettssalen i Førde.

Fart og medikament

Ifølgje aktor skjedde samanstøyten i avdøde sitt køyrefelt. Tiltalte sitt speedometer var elektronisk, og hadde kopla ut. Det stoppa på ca 142 km/t.

Mannen er også tiltalt for å ha vore påverka av medikament då ulukka hende.

Noko uventa

-Eg såg noko kome mot meg på skrått. Det kom som eit sjokk, plutsleg og uventa. Plutseleg blei det mørkt. Eg hugsar panikk og redsel like før det small, forklarte tiltalte.

Og han la til:

-Eg hugsar eg registrerte noko gale. Retninga på bilen som kom mot meg. Eg følte bilen kom skrått mot meg. Eg var på min side av køyrebana. Det er beste måte eg kan forklare det på. Eg registrerte at noko var heilt gale, at retninga bilen kom i mot meg var feil.

Så hugsar han ikkje meir før han låg på hovudet i bilen.

– Trykt på gassen

Aktor, politiadvokat Erling Melvær vil føre bevis for at legen kom over i motsett køyrefelt, og han ville vite kva tankar tiltalte har om dette.

-Eg føler eg har køyrt korrekt. Eg er overbevist om at det på toppen av bakken skjer noko som ikkje skal skje, og eg får panikk og tenkjer «kva gjer eg no?». Eg må ha trykt på gasspedalen for å unngå bilen. Eg må jo ha gjort det, sa tiltalte.

– Kan du ha sovna, ville aktor vite.

– Nei, det kan eg ikkje.

– Kvifor er du så sikker?

– For eg var ikkje det minste trøytt. Eg veit godt korleis det er å sitje bak rattet og vere trøytt, og slik hadde eg det ikkje på nokon måte, forklarte tiltalte.

Braut nakken i bussulukke

Mannen er utdanna lege i Danmark, men jobba i Norge dei siste ti åra. Han var ferdig utdanna i 1998, og i 2004 fekk han norsk autorisasjon.

Han jobbar også no i Norge, som vikarlege i ein kommune i Trøndelag.

I retten forklarte tiltalte at han har vore involvert i ei trafikkulukke før. I 2004 kolliderte han med ein buss og braut nakken. Etter det har han hatt ein del smerteplager og vore plaga med migrene. Han har også fått medisiner for smertane.

Kan ha forveksla medisin

Tiltalte hugsar ikkje dagen i førevegen som noko annleis enn andre dagar. Og nattevakta var roleg.

-Det var ei ganske fredeleg vakt. Eg hadde fem-seks pasientar. Og eg hugsar eg hadde migrene og nakkesmerte, men eg fekk sove og kjende meg frisk og utkvilt då eg køyrde frå sjukehuset, sa tiltalte som meinte han sov frå tre til seks om natta.

Han sa også at han tok medisin mot migrenen og noko for nakkesmertene.

Men han var overraska over ein del av medikamenta som blei funne i blodet, sidan dette ikkje er stoff som han treng. Difor meiner han nokre av stoffa som blei funne i blodet, og som dannar grunnlag for at han er tiltalt for ruskøyring, må ha vore gitt i ambulansen. Han vedgjekk også at han kan ha forveksla eit par medisinar.

Kvinna som døde i bilulukka på Bryggja i mars i fjor etterlet seg seks barn i alderen 13 til 28 år. To av dei er til stades i Fjordane tingrett denne veka. Bistandadvokat er Cathrina Skage.
Speedometeret på bilen til vikarlegen stoppa på om lag 142 kilometer i timen då ulukka skjedde. Foto: Politiet