Nettsamlingar. Dei som for to år sidan tok til på deltidsstudium for det som då heitte førskulelærarutdanninga, og med dei fleste samlingane i Ålesund, skal få halde fram med det til dei er ferdige.

Men så er det slutt på denne typen litt gammaldagse opplegg, ifølgje Myklebust.

– Med studentar frå Måløy i sør til Kristiansund i nord er det meir framtidsretta med ei slik distanseovergripande undervisning, seier Myklebust.

Undervisning på nett

Han viser til at den nettbaserte undervisninga skjer i sanntid og der studentane kan kople seg saman for gruppearbeid som dei seinare kan presentere i plenum.

– På denne måten gjer moderne teknologi Høgskulen i Volda også veldig tilgjengeleg.

– De fryktar ikkje at de kan bli oppfatta som bakstreversk når de flyttar alle samlingar tilbake til Volda?

– Nei, tvert imot! Dette er moderne utdanning der vi tar i bruk moderne teknologi og gjer oss veldig tilgjengelege, seier Myklebust.

Populært

Ved oppstart i haust synte det seg at barnehagelærarutdanninga var mykje meir populær enn lærarutdanninga blant dei som søkte seg til Høgskulen i Volda. I alle fall når det gjeld deltidsutdanninga.

45 studentar blei tatt opp på barnehagelærarutdanninga, medan det berre var 20 studentar som melde seg til deltidsutdanninga for dei som skal bli lærarar frå 1.–7. trinn.

Nytt frå regjeringa

Regjeringa innfører no nye tiltak for å heve nivået i skulen.

– Dei som har tenkt seg inn på lærarutdanninga i 2016 må ha minimum karakteren fire i matematikk. Og dei som tar til på lærarutdanninga i 2017 må førebu seg på eit utdanningsløp på fem år, tilsvarande mastergrad. Mange spørsmål er enno ikkje besvart. Ministeren har varsla ein lærarstrategi i løpet av oktober, då reknar vi med å få svar, seier Myklebust.

PPU-kritikk

I dag er det slik at dei som har tatt universitetsfag og har lyst til å undervise må skaffe seg ein praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

I mange år har dette studiet vore kraftig kritisert for å mangle relevans i høve til den kvardagen lærarane møter ute i klasseromma. Dette har kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen lova å gjere noko med. Men ikkje heilt enno.

Spørsmåla Sunnmørsposten stilte til ministeren var litt for premature til at vi kan få svar på dei no, fekk vi vite av departementet. Men tysdag skal altså statsminister og kunnskapsminister seie litt meir om lærarløftet (sjå faktaboks).

Volda-tiilbod

Studieleiar Liv Rygg fortel at Høgskulen i Volda har PPU-tilbod for dei som vil undervise i allmennfag i vidaregåande både som deltidsstudium og på full tid. Vidare er det PPU for yrkesfag frå 8.–13. trinn på deltid. Alle deltidsstudier med samlingar spreidd på Volda, Ålesund og Molde.

Kravet for å undervise på vidaregåande er at du enten har to fag med minimum 60 studiepoeng i kvart fag, og med en bachelor som basis, eller at du har eit fag med spesialisering på 90 studiepoeng og framleis med ein bachelor i botnen.

Med krav til masternivå på utdanninga for grunnskulelærarar er det forventa at det også vil kome endringar når det gjeld PPU-utdanninga på høgare nivå.

<strong>Meir tilgjengelege:</strong> – Gjennom moderne teknologi gjer vi Høgskulen i Volda meir tilgjengeleg, seier dekan Arne Myklebust. Arkivfoto.