Volda og Ørsta har nyleg fått tildelt 300.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune, til eit førprosjekt om utvikling av Volda og Ørsta som felles byregion.

Ordførarane Arild Iversen i Volda og Rune Hovde i Ørsta, inviterer pressa til ein presentasjon av førprosjektet onsdag: – Vi er i realiteten den fjerde byen i Møre og Romsdal, står det i invitasjonen.

Felles søknad

Kommunestyra i Volda og Ørsta har begge gjort vedtak om å søkje midlar frå Byregionprogrammet, som er ei nasjonal satsing i regi av kommunaldepartementet. Det var Volda kommune som tok initiativ til ein felles søknad med Ørsta.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Må vere bymessig

Målet for tilskotsordninga er at mottakarane skal kome fram til lokalt forankra strategiar og tiltak med utgangspunkt i samhandling mellom byen og omlandet.  Formell bystatus er ingen føresetnad for å kunne søkje, men staden må ha karakter av å vere eit regionsenter og/eller tilby tenester til omlandet som gir han ei bymessig rolle.