Rettssaka mot legen som er tiltalt for bildrap etter ei ulukke på Bryggja i Vågsøy, held tysdag fram i Fjordane tingrett.

Bra stemning

Mannen fortalde at dei først skulle besøke sonen til sambuaren og setje frå seg bilen der. Deretter skulle dei reise med fly til Gdansk, der dei hadde bestilt spaopphald i to dagar.

– Korleis gjekk turen frå Måløy, ville aktor vite.

– Vi hadde fin tur. Det var bra stemning, fordi vi skulle slappe av og ha ein hyggetur.

– Kva fart hadde de?

– Vi køyrde sakte. Hadde god tid på oss og ikkje noko hastverk.

– Vi køyrde på høgre side av vegbana. Plutseleg oppdaga vi rett framfor oss ein bil som dukka opp i full fart. Bilen køyrde litt på skrå og heldt seg midt i vegen. Anna klarte å styre bilen unna, slik at ho traff autovernet. Men vi var ikkje i stand til å manøvrere ut av det fordi bilen køyrde rett mot oss, som om det skulle til å bli ein front mot front kollisjon. Vi rakk berre å skrike, fortalde mannen via tolk.

Flytta tilbake

Han omtalte kjærasten som ein dyktig sjåfør, men bilen kom som ein rakett, og det var ikkje råd å unngå kollisjonen, fortalde vitnet.

Mannen meiner at farten på den møtande bilen må ha vore minst 150 km/t.

Den polske mannen fekk  sjølv mindre skade i ulukka, men han makta ikkje lenger å bu i Norge og har flytta tilbake til heimlandet Polen.