Det kom fram då ulukkesgranskar Torgeir Bang frå Statens vegvesen vitna i Fjordane tingrett tysdag.

- Normalt låser speedometeret seg i samanstøyten, og så kan det ha låst seg etterpå. Kor lang tid etter, kan eg ikkje seie, forklarte Bang.

Stopp ved straumstans

Forsvarar for legen, advokat Paul Inge Angelshaug, har stilt spørsmål om farten som viser på speedometeret kan ha oppstått etter kollisjonsaugeblinken. Mercedeseen til legen flytta seg langt framover etter samanstøyten med den andre bilen.

- I ein samanstøyt vil farten normalt reduserast. Eg har ikkje høyrt om auka fart i samanstøyt, men det er ikkje alltid stopp på nøyaktig fart. Når straumen forsvinn, vil speedometeret stoppe, men det kan flytte både opp og ned.  Speedometer åleine er ikkje fasit på fart, men indikasjon, sa Bang og la til:

-Viss speedometer åleine er fasit på fart, så hadde denne saka vore enkel.

Han beklaga også at Mercedes ikkje har ønskt å medverka til analysen, slik at ein kunne ha funne meir ut av dette.

Vanskeleg

Bang er ein av dei som reiser ut på dødsulukker i Sogn og Fjordane og granskar ulukkene. Han kom til Bryggja tre timar etter ulukka. I retten tysdag sa han at han har vore på ganske mange ulukker sidan 2002. Og for første gong har han rådd politiet til å engasjere det uavhengige konsulentsselskapet Rekon til å analysere ulukka. Dette fordi det har vore vanskeleg å angi eksakt fart for ulukka.

Legen er tiltalt for å ha køyrt i 125 km/t.

Den tiltalte legen nektar på si side for at han kan ha køyrt så fort. Han hadde ikkje dårleg tid, og meiner han ikkje hadde nokon grunn til å køyre så fort. Hans teori er at han kan ha trykt på gassen fordi noko oppstod på bakketoppen på vegen.

Vegstandard

Også vegstandard var eit tema. Bang forklarte at det ikkje er funne nokon feil med vegbana.

- Eg ser ikkje at vegen har feil eller manglar som har vore utløysande for ulukka, bortsett frå at vegen ville vore bygd med betre sikt viss han var bygd i dag. Men slik er det i Norge. Vi i har mange vegar som er bygd for mange år sidan, sa Bang.

Utfrå funna Bang har gjort, kan han ikkje sjå at nokon av bilane har hatt problem dei siste hundre meterane før samanstøyten.