Gledesropa sit laust hos 4. klasse på Ringstad skule i Stranda.

Alle 4.-klassingar i fylket får nemleg sesongkort i Stranda skisenter.

Hender i vêret og tilrop som nydeleg, jess og herleg, gir uttrykk for at storparten av denne gjengen alt står på ski og gler seg til vinteren, skriv Sunnmøringen.

Første året

– Andre skisenter har hatt god erfaring med å gi vekk heiskort. No vil me prøve det same. Strandafjellet er eit fint aktivitetstilbod. Vi ønskjer at endå fleire vil nytte tilbodet om vinteraktivitetar og vi ønskjer oss enda fleire aktive barn, seier marknadssjef Ellen-Beate Wollen i Stranda skisenter til Sunnmøringen.

Starte tidleg

- Jo tidligare ein startar, jo kjekkare å stå på ski. Eg er tilhengar av at ein kan variere mellom til dømes langrenn, slalåm og snøbrett, og ikkje nødvendigvis måtte meiste det eine før ein tek steget opp og prøvar ein ny aktivitet, seier ho.

Tanken er at jo meir ein meistrar jo lettare er det å vere aktiv. Det vil også vere ein fordel til seinare i livet, med tanke på helse.