Karrieredagane 2014 blir denne veka arrangert ved Høgskulen i Volda. 340 tiandeklassingar frå ungdomsskular på Søre Sunnmøre skal få innblikk i det som er av utdanningval i Møre og Romsdal.

- Vi treng fleire helsefagarbeidarar, reklamerer fire elevar frå VG2 til Herøy vidareågande skule.

Ikkje dumt

Maria Kvalsvik, Frida Strandebø, Sofie Lovise Hansen og Josefine Kvalsvik har teke valet og prøver no å få yngre elevar til å velje same utdanninga.

Dei kan anten velje å bli lærlingar i helsefagarbeid eller ta vidare utdanning for å bli sjukepleiarar.

- Det er mange som går vidare på sjukepleie, og det er ikkje dumt, men ein treng fleire helsefagarbeidarar, seier Frida Strandebø.

Jobb på båt

På ein annan stand møter vi Marcus Karlsen, elev ved ambulansefag ved Fagerlia i Ålesund.

- Eg er komen på rett hylle. Dette er veldig spennande og utruleg artig, seier Marcus som meiner han er sikra jobb etter endt utdanning.

Tiandeklassingen Christoffer Johansen frå Hareid ungdomsskule ønskjer seg ein jobb på båt.

- Eg vil bli anten styrmann eller matros. Eigentleg helst styrmann, men matros er lettare, seier han.

I alle fall vil han velje Herøy vidaregåande skule og Tip-utdanning neste år.

Har planar

Christoffer har hatt planane klare sidan femte klasse. Også andre elevar vi møter frå Hareid har planar for framtida. Ovar Hatløy skal bli kokk og Tuva Eilertsen vil bli barnesjukepleiar.

- Dette er sjeldan, seier Torill Engeseth, som saman med Eirik Boch administrerer Karrieredagane 2014.

Dei fleste elevane er i tvil om kva utdaning dei skal ta. Og målet er at Karrieredagane skal hjelpe dei på vegen.

Karrieredagane 2014 er eit stort arrangement, men opplegg både inne på Høgskulen i Volda og ikkje minst i Voldahallen.

Her er det laga til postar ut frå dei 12 utdanningsprogramma elevane har å velje i. I første omgang er det dei ulike tilboda på vidaregåande skule ein vil vise, men det er også ein raud tråd til høgare utdanning.

Nyttig

Karrieredagane blir arrangert for sjette gong. Og tilbakemeldingane er at elevane opplever det som nyttig. Ungdom er også med i utvalet som planlegg dagane.

- Vi trur på det personlege møtet og konkretiseringa, seier Eirik Boch som likevel ikkje kan seie om det er mindre feilval som følje av Karrieredagane.