- Bygg bru, og få den ferdig i ei fart.

Det var gjennomgongstonen då det vart opna for kommentarar frå salen. Om tre år kan det bli restriksjonar på akseltrykket på dagens bru. Samtidig er det tvilsamt om byggjestart på ny bru kan bli før om fire år.

Oppdatering: Her kan du laste ned presentasjonen Vegvesenet hadde på infomøtet (Herøy kommune)

Det er lenge å vente for mange.

Høgde på brua var det ikke einigheit om. Bjarne Kvalsvik fekk brukbart med applaus då han ville ha ei så lav bru som muleg. Det blir greiast muleg for gåande og syklande, og det kan byggjast i ei fart.

Andre fekk omtrent like stor applaus då dei argumenterte for å bygge 20 eller 30 meters bru, fordi det er å bygge for framtida.

Vi trur folk ikkje bryr seg så mykje med høgde på brua. Men Norge skal no vidare, og vi må ikkje kom i konflikt med Kystverket, seier nokre karar frå Kvalsund på Nerlandsøya etter møtet.

Politisk etter nyttår

Statens vegvesen skal ha klar ei anbefaling og ein rapport før jul, og det går til politisk handsaming etter nyttår.

Det har lenge vore kjend at vegvesenet ikkje anbefaler fjelltunnel eller betongtunnel fordi det blir dyrare og meir usikkert, og fordi tunnel gir dårlegare forhold for mjuke trafikantar.

Det reelle valet står nok mellom ei 20 meters bru og ei 30 meters bru, det trur også ordførar Arnulf Goksøyr.

- Kystverket seier dette er ei bilei, og det har sine krav til høgde på ei bru. Dagens krav er 22 meter, framtidas krav er 30. Eg vil kjempe for 30 metersbru inntil folk flest eventuelt skulle seie noko anna, seier Goksøyr.

Dei fleste i salen kom frå Nerlandsøya, og nokre kom frå Remøya, som også treng ny bru  av same grunn.

- Møtet i dag var berre oppvarminga til møtet vi skal ha neste år, seier ein av karane frå Remøya til Sunnmørsposten.

Oppdatering: Her kan du laste ned presentasjonen Vegvesenet hadde på infomøtet (Herøy kommune)