- Trasevalet har betydning for annan aktivitet, og andre ting blir skadelidande når vegplanane ikkje er på plass, seier rådmann Per Kristian Storevik til smp.no.

Torsdag sende han purrebrev til Vegdirektoratet, for å få fortgang i planarbeidet for E39 gjennom Stryn.

- Uakseptabelt

9. juni i år blei det klart at regjeringa har valt indre linje for E39 gjennom Nordfjord.

Nokre dagar etter kom det svar om at Statens vegvesen ikkje hadde motteke brev frå Samferdsledepartementet med formell avgjerd om E39 og eventuelle føringar på det vidare planarbeidet.

Ifølgje brevet vil aktuelle kommunar bli kalla inn når det brevet er motteke.

Meiner det er tydeleg

- Det er gjort vedtak om indre linje. Vegvesenet seier dei ikkje har fått oppdragsbrev, meg eg forstår ikkje at dei ikkje oppfattar dette som eit oppdragsbrev, når det er så tydeleg skrive, seier Storevik.

Dette peika rådmannen også på i eit brev til Vegdirektoratet 8. september.

- Og no var det naturleg å purre. Det er uakseptabelt at byråkratar ikkje følgjer opp. Då er byråkratar blitt ein maktfaktor og slik skal det ikkje vere, meiner Storevik.

Raskare

- Føler du at nokon trenerer arbeidet?

- Eg vel å tru at folk gjer jobben sin, men arbeidet burde gått raskare, seier Storevik og legg til at det ikkje ligg nokon konspirasjonstankar bak.

- Eit ønske om å realisere politiske vedtak må alle slutte opp om, anten dei likar det eller ikkje, seier Storevik.

Per Kristian Storevik er rådmann i Stryn. Foto: Arkivfoto