Regjeringa vil kome med ei vurdering av ei ferjeavløysingsordning for fylkesvegferjer i kommuneproposisjonen for 2016.

Dette skaper uvisse om Nordøyvegen. Leiar av samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne (Sp) seier til Smp.no at Nordøyvegen kan bli forseinka, men at han er usikker på korleis dette vil slå ut for vegsambandet.

Statssekretær Jon Georg Dale (Frp) i samferdselsdepartementet besøker onsdag Nordvestlandet. Han seier til Sunnmørsposten at dette ikkje skal skape noko forseinking for Nordøyvegen.

Som varsla

– Vi varslar at ferjeavløysingsordninga vil kome i kommuneøkonomiproposisjonen, som kjem til Stortinget før sommaren i 2015, seier Dale.

– Dette er tråd med Stortingets føresetnader, seier han vidare.

– Det betyr at ordninga med ferjeavløysingsmidlar kan tre i kraft frå 2016. Dette er tids nok for Nordøyvegen.

Statssekretæren understrekar at det er Stortinget som avgjer.

– Men det er ingen tvil om kva partia (Høgre og Frp) har meint tidlegare, med likebehandling av riksvegar og fylkesvegar, seier Dale.

Fylkesvegar

Sjølv om også den førre regjeringa ønska ferjeavløysingsmidlar, var det ingen ferdige dokument om dette som dagens regjering kunne ta over. Ei utgreiing pågår no.

– Vi må passe på at vi ikkje riggar til uhensiktsmessige konsekvensar. Det er mange måtar å kompensere på, seier Dale.