Ein mann er mistenkt for å ha køyrt bil i alkoholpåverka tilstand etter eit trafikkuhell i krysset E39/avkøyrselen til Årsetdalen, på Vartdal i Ørsta, tysdag morgon.

- Det er difor tatt prøvar av han, så får vi sjå, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Politiet fekk melding om hendinga litt etter klokka 05.30, og då Sunnmørsposten snakka med politiet rundt ein halv time seinare var dei framleis på staden.

- Ein personbil har køyrd av vegen og inn i ein stolpe. Denne er knekt, og Tussa Nett er varsla, fortalde Arild Reite som var operasjonsleiar då.

Han fortalde vidare at bilen var tom då politiet kom til staden, men at dei hadde vore i kontakt med bilføraren.

- Han har sagt han er uskadd, og at han er heime, sa Reite.

Ifølgje politiet sto bilen ikkje til hinder for trafikken.

Har du tips eller bilde i saka? Kontakt oss på 95 400 400 eller 95400400@smp.no.