Etter ordre frå riksadvokaten har statsadvokat Jogeir Nogva tiltalt ei ung kvinne frå søre Sunnmøre for medverknad til sjølvmord, etter at ein 18 år gammal mann tok sitt eige liv i august i fjor.

Dødeleg dose

Hendinga kvinna er tiltalt for, fann stad i heimen hennar på søre Sunnmøre.

– Kvinna og mannen som døydde var vennar. Eg vil ikkje å gå inn på kva som skal liggje til grunn for ønskjet om å ta livet av seg - utover å oppretthalde det politiet tidlegare har sagt: At det ikkje er haldepunkt for at sjølvmordet kan knyttast til rus og eit rusmiljø, seier statsadvokaten.

Slepp truleg å sone

Øvre ramme for straff er fengsel i 21 år, men Nogva ser ikkje føre seg at påstanden skal bli fengsel utan vilkår.

– Alternativa  - slik eg ser det, er anten fengsel på vilkår, eller samfunnsstraff der behandling eventuelt går inn som del av straffa, seier han.

Rettssaka vil gå for Søre Sunnmøre tingrett, men er førebels ikkje tidssett.

To bistandsadvokatar er inne i saka, og eventuelle krav om erstatning vil bli framsett av desse.

Følg smp.no på Facebook

Vedgår ikkje straffskuld

Torgeir Hovland Langva er forsvarar for kvinna.

– Ho vedgår ikkje straffskuld. Utover dette har eg ingen kommentar til saka, seier han.

Kvinna er også tiltalt for å ha stole det dødelege preparatet.