Elisabeth Strand Slettestøl er ein av 100.000 bøsseberarar som går ut til 1,8 millionar husstandar i Norge denne søndagen. Strand Slettestøl er frå Gjerdsvika i Sande og hennar rode er heilt ut med Stadhavet. Denne oktoberdagen viser seg fram med smørsida og har både sytten varmegrader, solskin - og blide givarar.

Johanne Dybvik Hide på 6 år er ei av dei. Ho har fått lært kva tv-aksjonen handlar om. Fredag på skule prøvde ho seg som vassberar.

- Det var tungt.

Reint vatn

No gir ho pengar Kirkens Nødhjelp slik at ein milllion menneske i Afghanistan, Etiopia, Haiti, Pakistan, Somalia, Sudan, Sør-Sudan og Tanzania kan få reint vatn. Det er avgjerande for at menneske kan overleve og halde seg friske. Det gjer også at kvinner og barn ikkje treng gå i timevis kvar dag for å hente vatn og heller kan gå på skule og arbeid, noko som igjen utviklar heile samfunnet.

Dugnad

I staden for å bere vatn i timesvis kvar einaste dag, slepp Elisabeth Strand Slettestøl unna med nokre timar på å bere bøsse frå dør til dør. Ho er formannskapsmedlem i Sande og dermed med i komiteen for TV-aksjonen. Men ho har gått med bøsse i fleire år før det.

- Det er ikkje noko tungt å seie ja til å vere med på denne dugnaden.

Strand Slettestøl seier innsamlinga går til ei god sak og at det er lett å forklare kva pengane skal brukast til.

- Det er etterkvart mange som reiser også, sjølv om det berre er i turistsamanheng, og veit kor tungvint det er å måtte bere alt drikkevatn. Det er så godt å kome heim og berre kunne opne krana. Tenk då på dei som må gå i timesvis kvar dag for å hente alt vatn dei treng.

Medan NRK tidlegare hadde monopol og det var vanleg at tv-sendingane frå TV-aksjonen sto på som bakgrunnslyd i alle heimar ein ringte på med innsamlingsbøssa, så er det ingen automatikk lenger at alle følgjer med på denne saka.

- Men dei fleste er på nett, og der poppar informasjonen opp. Og eg opplever at folk er svært positive.

Les mer om TV-aksjonen her.

Ragnhild Dybvik Hide (4) Foto: Torill Myren
Elisabeth Strand Slettetøl Foto: Torill Myren