Klokka 21.03 melder Sogn og Fjordane politidistrikt om at naudetatane er framme i Selje i samband med at det er funne ein livlaus mann i sjøen ved ei brygge.

- Det vert gjennomført livredning på staden. Luftambulanse er på veg, melder politiet i loggen som er oppdatert klokka 21.44.

Operasjonsleiar Trond Hatlenes fortel til smp.no klokka 22.05 at den eldre mannen er bekrefta omkomen. Dette skriv politiet også i politiloggen.

- Det vart gjort forsøk på hjarte- og lungeredning på staden, seier Hatlenes til smp.no.

Ifølgje operasjonsleiaren er det ingenting som tyder på at det har hendt noko kriminelt.

- Politiet skal likevel etterforske åstaden og snakke med vitne. Dette er normal prosedyre, seier Hatlenes.