Frå rundt klokka 16 vil ferjesambanda Stranda-Liabygda og Eidsdal-Linge etter planen gå som normalt. Det opplyser Fjord1.no.

Sidan måndag føremiddag har det gått ferje i trekantsamband Stranda-Liabygda-Eidsdal. Den eine ferja som normalt går her i har i staden gått rasrute mellom Hellesylt og Geiranger.

På Hellesylt-Geiranger kjem det i ettermiddag inn ei ny ferje, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen til Smp.no.

- Det er «Dalsfjord» som blir sett inn, seier driftssjef Karstein Holm i Fjord1 til Smp.no. Ferja har plass til 28 personbilar.

50 kubikk

Oppryddingsarbeidet etter raset på fylkesveg 63 ved Berge i Eidsdal er venta å vare til onsdag eller torsdag denne veka, melder Statens vegvesen måndag ettermiddag.

- Det har kome om lag 50 kubikkmeter stein ned på vegen. Det er ein større rydde- og sikringsjobb som må gjennomførast før vegen vert opna igjen, opplyser prosjektleiar Odd-Einar Hjellen:

• Reinske lause massar.• Rydde vegen.• Sikre fjellet med boltar og sikringsnett.• Reparere skadar på vegen og sette opp igjen sikring langs vegen.

Geolog

- Geolog kom for om lag to timar sidan og jobbar på staden, fortalde Hjellen til Smp.no klokka 12.30.

Det var like før klokka sju måndag morgon at Statens vegvesen fekk melding om at eit steinras hadde sperra vegen ved Berget mellom Eidsdal og Geiranger.

- Vi må nok gå ut frå at vegen blir stengt ei stund, så det er viktig å ha klar både ei kortsiktig og ei langsiktig løysing, opplyste Statens vegvesen måndag morgon.

Fjord1 melde måndag føremiddag:

Rute 14 Stranda - Liabygda:

I samband med ras på fylkesveg 63, har Fjord 1 fått beskjed om å setje i verk trekantrute mellom Stranda, Liabygda og Eidsdal umiddelbart. Første avgang blir, noko forseinka, ifrå Eidsdal kl 09.40.

Fjord 1 melder klokka 10.15 at det blir oppretta rasrute mellom Hellesylt og Geiranger. Første avgang her blir klokka 12.30 frå Hellesylt.