Styringsgruppa foreslåt at Ålesund vert vertskommune for det det fusjonerte selskapet, men med satetittkontor både i Nordfjord og på indre Sunnmøre.

- Vi er opptekne av å skape eit godt samarbeidsklima og vise kontinuitet med å oppretthalde viktige satelittar i eit geografisk stort område. Det nye selskapet blir blant dei største på Vestlandet, og vi ønskjer å markere oss som ein reiselivsmotor i Fjord Norge-familien, seier leiar i styringsgruppa, Arne Aambakk i ei pressmelding.

Styringsgruppa gjer også framlegg om at at ny dagleg leiar for det nye fusjonerte selskapet blir Geir Steinar Vik, som er dagleg leiar i det største selskapet i dag, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.