Dette seier ordførar Anders Riise i Hareid og dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt forum nordvest.

– Dersom Norled og fylkeskommunen set inn den meir tungvinte ferja «Ullensvang», vert det kaos i januar, seier dei.

Sidan i juli har trafikken med ferjene Hareid-Sulesund skote i vêret, og med det har talet på attståande bilar auka jamt.

Følg smp.no på Facebook

I første halvår var toppen 1300 attståande bilar i april, og i september passerte talet 1600. Kvar månad fraktar dei to ferjene rundt 75.000 køyretøy over Sulafjorden, og nesten 4000 av dei er vogntog over 17 meter.

I første halvåret auka trafikken med 4,5 prosent og med 5,7 prosent i september.

Skader folk flest

– Dette vil seie at folk ikkje når arbeidet sitt i tide. Folk når ikkje flyavgangar eller avtalte møte. Verksemdene taper tid og pengar og det vert farlege trafikksituasjonar på grunn av sinne og aggresjon mellom dei reisande, seier Anders Riise.

– Kva er forklaringa på trafikkveksten?

– Den eine årsaka er oppgangen i næringslivet på heile ytre søre Sunnmøre. Den andre forklaringa er at trafikk som før gjekk Vartdalsstranda har byrja å bruke Eiksundsambandet. Mot slutten av bompengeperioden var det 2200 bilar i døgnet gjennom tunnelen. No nærmar talet seg 3000 bilar i døgnet, seier dei som legg til at det og er auke i folketalet.

Les også: Ber om opprør med teaxasfilm fra ferjekaiaLes også: Omstridd ferje kjem til Hareid-Sulesund

Vi møter dei to på Sulesund ferjekai litt før klokka ni tysdag morgon. Då ferja går står fleire bilar att på kaia og ei handfull bilar kjem like etter. Ferja som kjem halv ti er fullasta. Det er både personbilar og ei lang rekke vogntog, også av dei nye ekstra lange.

Held oss nede

– At vi ikkje kan lite på å kome med ferja gjer noko med samfunnet vårt. Dette tek vekst frå ytre søre. Det hemmar oss og hindrar tilgang på arbeidskraft. Her er fire gonger så mange attståande bilar som det var for to år sidan, seier dei.

Då går det ikkje an å setje inn ei ferje som ikkje greier å halde ruta. Fylkeskommunen, Statens vegvesen og Norled må ordne opp i dette.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ferja som etter planen skal inn i ruta har berre ein motor med den risikoen for stopp det medfører. Dei nye ferjene har fire motorar.

Den store trafikken gjer at liggetida ved kai vert lang og ferjene må setje opp farten, for å kome fram i rute. Det medfører stort brennstofforbruk.

– Den tredje ferja i sambandet kan vere ei 70 bilars ferje som også kan gå om natta når det er lite trafikk.

<strong>Sulesund:</strong> Ordførar Anders Riise i Hareid og Arnfinn Ingjerd i Maritimt forum på Sulesund ferjekai tysdag klokka 09.25 like før lastebilar og personbilar skal køyre på land frå «Tidesund» som har kome lasta frå Hareid. Dette er eitt av dei største ferjesambanda i landet og som har sterk trafikkvekst. Stadig fleire attståande bilar er til plage for bedriftene og folk flest.