Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal får torsdag ei sak på bordet i samband med at det er utarbeidd ein prosjektrapport om psykisk helse og fråfall i vidaregåande opplæring.

Rapporten er eit resultat av utviklingsarbeidet «Læraren i møte med utsette elevar, roller og relasjonar» som har pågått sidan 2012, og vart avslutta 1. august i år.

Vil ha eige sak

Eit fagteam på tre personar har leia arbeidet. Dei tre er psykolog og assisterande driftsleiar for Barne- og ungdomstenestene i Vestnes, Jørgen Wiik, rektor ved UPA skule, Leonore Waage og rådgjevar Anne Cathrine Røgeberg.

Arbeidet vart sett i gang etter at «Prosjekt psykisk helse» vart avslutta ved utgangen av 2011.

I forslag til vedtak vert det bede om at fylkesrådmannen legg fram ei sak om korleis ein skal ta vidare tilrådingane i rapporten i det systematiske arbeider som vert gjort i skulane og sektoren når det gjeld kvalitetsutvikling.

Følg smp.no på Facebook

Fekk frå

At elevar fell frå og ikkje fullfører vidaregåande utdanning, har store samfunnsøkonomiske kostnader. Mange av dei det gjeld står i fare for ikkje å kome inn i arbeidslivet og har auka sjanse for å ende opp som unge uføre.

Møre og Romsdal har ein gjennomføringsprosent på 71,5 for elevar som har fullført etter fem år, mot landsgjennomsnittet som er 70 prosent.

Fylket kjem godt ut på sentrale område samanlikna med andre fylke.I Kvalitetsmeldinga 2013 legg utdanningsavdelinga vekt på at ein i endå sterkare grad vil prioritere verkemiddel som bidreg til at dei aller fleste ungdommane gjennomfører opplæring med formalkompetanse.

Målsetjing

Det nasjonale målet er at 75 prosent av elevane i vidaregåande opplæring fullfører og består innan 2015.

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett seg som mål å auke talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring med greidd resultat etter femårs opplæring til 80 prosent ved utgangen av planperioden 2014–2018.

I rapporten går det fram at lærargruppa er den gruppa med størst variasjon i vurdering av prosjektet.

Mer forbrukerstoff på smp.no

Motførestellingar

Her finn ein dei største grupperingane som har direkte motførestellingar til arbeidet, og at denne typen intervensjonar i skulen si verksemd er forstyrrande i høve til gjennomføring av ordinær undervisning/opplæring.

Likevel er mellom 40 og 80 prosent av gruppa samde i at arbeidet med prosjektet er viktig for planar for god kvalitet i skulen, gode relasjonar mellom ulike organisatoriske miljø, kompetanseheving og synleggjering av behov for systematisk og planmessig fagleg oppfølging av denne type arbeid.

Det vert i rapporten peika på at ein gjennom utviklingsarbeidet har hausta viktige erfaringar.

Arbeidet har vist at systematisk refleksjon over eigen praksis i lærarteam som arbeider med dei same elevane, gir rom for utprøving, felles refleksjon og støtte til vidare arbeid, og bør utviklast vidare.

Metodane kan variere, det viktige er at refleksjonen skjer målretta og med felles forståing i lærarteama om arbeidsmåtar og måloppnåing.Rektorar og avdelingsleiarane er nøkkelpersonar for framdrift saman med fagpersonar frå utdanningsavdelinga og må fungere som tydelege medspelarar.