Dette vedtok samferdselsutvalet samrøystes onsdag etter forslag frå Frank Sve (Frp), Charles Tøsse (H) og Randi Valderhaug Frisvoll (KrF).

Det vil seie at spørsmålet om tre ferjer i dette store ferjesambandet, kjem på bordet før budsjetthandsaminga.

Det var Frank Sve som sette fram forslaget, og han seier at Møre og Romsdal fylkeskommune brukar 46 prosent av sine inntekter på samferdsel.

Han seier også at det er pengar til tre ferjer i denne tungt trafikkerte ruta dersom fylkeskommunen brukar pengar på det den skal.

Det er halvtimesruter med ferja Hareid-Sulesund medan dei andre store sambanda i Møre og Romsdal har avgang kvart 20. minutt.

Stadig oftare opplever folk flest og næringsliv at dei må vente over ein ferjeavgang mellom Hareid og Sulesund.

Auka aktivitet i næringslivet og omlegging av reisemønsteret etter at Eiksundsambandet opna, er forklaringar på dette.