- Haram kommune har, som ein av truleg svært få kommunar, gjennomført ei omfattande undersøking  blant kommunen sine arbeidsinnvandrerar. Målet er å bli enda betre på å kommunisere med dei, og sikre at det er godt å være innvandrar i Haram, fortel Therese Breen Brudevoll.

Ho er prosjektleiar for Bulystprosjektet "Integrering i Haram", som i juni gjorde ei behovsanalyse blant kommunen sine utanlandske tilflyttarar.

Denne analysen skulle blant anna avdekke informasjonsbehov og utfordringar for tilflytterne før, underveis og etter at dei flytta til Haram.

Samfunnsaktuelt

Industrikommunen Haram har i overkant av 9000 innbyggjarar. Av desse er 14 % innvandrarar, frå 60 ulike land.

Brudevoll meiner ei slik undersøking gir verdifull kunnskap for kommunen.

- Temaet og ulike problemstillingar knytta til integrering i kommune-Norge er svært aktuelt no, særleg i ein industrikommune som Haram. Likevel finst det lite tilgjengeleg dokumentasjon som fortel noko om informasjonsbehovet til denne befolkningsgruppa. Det ville vi gjere noko med, seier ho.

Handlingsplan

HR Manager ved Vard Søviknes, Jens Morten Corneliussen meiner undersøkinga er av stor betydning også for næringslivet i kommunen.

- For eit internasjonalt selskap som VARD er det i mange tilfelle viktig å bringe arbeidskraft over grensa. Eit prosjekt som dette har stor betydning for våre tilsette som ynskjer å slå seg ned her – og ikkje minst bli værande, forklarar han.

Rådmann i Haram kommune, Turid Hanken, er også svært positiv til arbeidet som er lagt ned i prosjektet.

- Som ein stadig voksande kommune, med tilflyttarar frå heile verda, er det heilt naturleg at vi satsar på eit inkluderande samfunn for alle. No er vi klare for å ta resultata med oss i arbeidet med ein kommunikasjonsstrategi og medfølgande handlingsplan for å følgje opp dei viktige innspiela vi har fått, seier ho.