Oppdatert: Statens vegvesen melder at fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger no er opna for trafikk.

Statens vegvesen opnar mellombels fylkesveg 63 ved Berge i Eidsdal, frå klokka 06.00 fredag. Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding seint torsdag kveld.

- Skal vere trygt å køyre

Fjellet er no reinska og bolta og det er sett opp sikringsnett.

- Det skal vere trygt å køyre på vegen gjennom helga, forsikrar vegvesenet.

Stenger neste veke

Men opninga er altså berre mellombels.

- Neste veke vil vegen bli stengt opp til to dagar for å sikre fjellet ytterligare med sprøytebetong. Dette arbeidet går ikkje an å kombinere med trafikk på vegen. Det vil då bli sett inn beredskapsferje igjen mellom Geiranger og Hellesylt, som vil følgje Fjord1 sin ruteplan, opplyser Statens vegvesen.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Tidspunktet for stenging neste veke er ikkje klart.

- Det er viktig å presisere at det er trygt å køyre på vegen gjennom helga. Sikringsarbeidet som blir gjennomført neste veke er naudsynt for at det skal bli ei god og langsiktig sikring på staden, opplyser Anne Marit Øksenvåg Johansen Statens vegvesen.

Dei vil kome med meir informasjon når det er klart.