Dette hevdar Idar Knutsen som driv reklamebyrået ik reklame as i Volda. Han er ikkje ukjend med korkje orddelingsfeil eller andre språklege feil og tendensar som har gjort seg gjeldande, særleg med internett sitt totale gjennomslag.

Stussa

– Men eg stussa veldig då vi nyleg skulle tinge ny eigenprofilering på Google, via Kvasir.

– Ikkje berre fekk vi feildelte ord i retur då vi skulle lese korrektur, nei konsulenten insisterte på at dei feildelte orda skulle vere med i søkjegrunnlaget på nett, fortel Knutsen og ristar på hovudet. Grunngjevinga var at dersom kunden og Kvasir skal få ønska tal treff, så må det vere slik.

Skilt reklame

– Eg vart altså forklart at svært mange av dei som søkjer våre tenester på nettet, feilstavar og feildeler orda. Dermed må desse feila vere med i profileringa, fortel Knutsen. Såleis må han profilere seg med både «reklame skilt» og «skilt reklame», i dømet der han berre tinga ordet «reklameskilt».

– Dette var berre eitt av fleire liknande døme. Som tidlegare typograf og generelt språkinteressert kan eg ikkje godta ei slik aktiv forderving av språket vårt, og difor har eg framleis gåande ein diskusjon om denne annonseutforminga, opplyser Knutsen. Å få ein markant nynorskprofil i firmaprofileringa på nett strevar han med parallelt.

– Også dette er viktig for vår vesle bedrift, og med vår geografiske plassering. Sidan vi arbeider med bokstavar og ord til dagleg, har eg for lengst innsett at det vi gjer har konkret påverknad i kvardagen til folk, seier Knutsen.

Kor

– Kva er dei jamnaste feila å rette opp, utanom orddeling?

– I svært mange tilfelle går det på bruk av stor eller liten bokstav. Her er det alltid grunn til å ta ein dobbeltsjekk.

– Til dømes så syng eg i Volda mannskor – med liten m, medan Ervingen Blandakor i Hovdebygda, har stor B i andreleddet.

– Folk som kjem med Google-omsetjingar til norsk får også problem. Desse språkprinsippa gjev eg aldri opp, lovar Idar Knutsen. Aktuelle språkpersonar i Kvasir var ikkje å oppdrive fredag ettermiddag.