Fylkesveg 63 i Eidsdal blir stengt ved Berge frå klokka 08.30 til 20.00, tysdag, melder Statens vegvesen. Det skal utførast sikringsarbeid etter eit ras måndag for ei veke sidan - og arbeidet, som går på å sikre fjellet med sprøytebetong, går ikkje an å kombinere med trafikk på vegen.

I samband med stenginga vil Fjord1 sette opp ferje mellom Hellesylt og Geiranger.