Det er lokalavisa Vigga som melder dette.

Det ville koste 11 millionar kroner å sikre eit område i Bjorlia Nord-Øst mot snøskred. Kommunestyret i Lesja har no i staden vedteke å kjøpe ut tomtene for til saman 3,8 millionar kroner.

Følg smp.no på Facebook

Eigarar frå Sunnmøre

Avisa skriv at både Odd Arne Nilsen i Easy Hytter og Jan Henry Farstad i Bjorli Eiendom er fornøgd med at det blei løysing i saka.

Easy Eiendom får 1,6 millionar kroner i kompenasjon for 4,3 mål og Bjorli Eiendom får 2,2 millionar kroner for tre heile tomter og deler av to tomter.

Hadde ansvar

Sidan kommunen i 2009 vedtok å godkjenne området for utbygging, har dei også ansvar for å sikre området. Ingen allereie utbygde tomter ligg i fareområde for skred, ifølgje Vigga.

Området som no blir kommunalt eigd, kan bli brukt til grøntområde og til parkeringsplassar for skiløparar.

Jan Henry Farstad i Bjorli Eiendom seier seg nøgd med at saka fekk ei løysing. Foto: Nils Harald Ånstad