Avisa Møre-Nytt skriv at Avinor seinast i mars i år hadde håp om byggestart for nytt flytårn på Hovden i løpet av hausten 2014. Men no snur dei.

I staden blir det gamle flytårnet pussa opp.

Ny teknologi

Distriktssjef Anette Elstad i Avinor stadferstar overfor smp.no at det blir oppussing i staden for nybygg ved Ørsta Volda lufthamn.

- Vi vil pusse opp i påvente av ny teknologi, seier Elstad og legg til at flytårnet no blir renovert til beste tilgjengelege teknologi.

Testar ut

Den nye teknologien med fjernstyring blir for tida testa ut ved flyplassen på Røst i Nordland. Der er det montert 14 kamera som blir styrt og kontrollert frå Bodø.

Ifølgje Elstad ligg fjernstyring nokre år fram i tid, men ho antydar at fleire lufthamner kan få teknologien i 2017.

Ikkje bestemt

Det er ikkje bestemt kva lufthamner som vil bli fjernstyrt, men i første omgang vil det vere aktuelt for dei flyplassane som har minst trafikk.

- Teknologien er heilt i startfasen, men vil kome på små tårn, seier Elstad og legg til at det er 27 lokale lufthamner som kan vere aktuelle i første omgang.

Blant desse er både Ørsta-Volda lufthamn og Sandane lufthamn på Anda i Nordfjord. Flyplassen på Vigra er derimot i ein annan divisjon.