Søre Sunnmøre tingrett har fastsett ein pris på 390 kroner kvadratmeteren for eit 5,2 dekar stort areal i Furene.

Volda kommune har tidlegare vedteke å oreigne området for å skaffe selskapet Åm Maskin tilleggsareal.

Ikkje einig

Grunneigar Oddrun Årflot har klaga oreigningsvedtaket heilt til Sivilombodsmannen, men ikkje nådd fram. I tingretten har ho derimot nådd fram med synspunkta sine om prisfastsetjing.

Volda kommune kravde skjønn for å få fastsett kva pris grunneigaren skulle få for arealet. Kommunen ville betale same pris som for andre tomter som er selde i Furene, men dette er tingretten ikkje einig i.

Attraktivt område

Retten viser til at området er svært attraktivt, få hundre meter frå flyplass og trafikknutepunktet for storregionen Søre Sunnmøre, med Eiksundtunnelen like ved.

Det er også slik at det ikkje er andre tilgjengelege næringsområde i Furene i dag. Heller ikkje andre stader i Volda kommune er det tilgjengeleg areal. Retten meiner desse forholda vil verke inn på prisen ein vanleg kjøpar ville vere villig til å gi.

Ved fastsetting av pris har tingretten sett på prisar som er fastsett i overskjønn på Mosflata i Ørsta og Rotset i Volda.

God grunn

Kommunen meiner det kan stillast spørsmål ved om grunneigaren hadde grunn til å klage på vedtaka heilt til Sivilombodsmannen. Og her meiner retten at saka er såpass spesiell at det ikkje kan seiast at ho har klaga utan god grunn.

Saksøkjar, som er Volda kommune, må betale nær 112.000 kroner som grunneigar Årflot har hatt i utgifter med saka.

Oddrun Årflot seier til Sunnmørsposten at det som står i dommen er kjernen i saka. Ut over dette ønskjer ho ikkje å kommentere saka før skjønnet er rettskraftig.

Rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune vil også vente med kommentar, men seier at det vil bli lagt fram politisk sak basert på advokaten sine vurderingar av saka.