Representantar for Rauma kommune har fredag kveld hatt middag og ei samling med dei tre evakuerte familiane som til vanleg bur under fjellet Mannen.

Geologane meiner hastigheita på dei ustabile fjellmassane har stabilisert seg på et høgare nivå enn det dei tidlegere har målt i periodar med lite nedbør. Samtidig kan det gå lang tid før situasjonen blir avklara.

– Vi ville høyre korleis det går med dei, og vise sympati med dei. Vi har også kartlagt busituasjonen med tanke på at dette kan bli litt langvarig, seier Hustad til Smp.no.

Bur privat

Alle dei tre familiane bur privat. To av familiane har ei «permanent» løysing, der dei kan bu sjølv om det trekkjer lenge ut i tid.

For den tredje familien trengst det ei litt betre løysing, fortel ordføraren. Det var 22. oktober at tre familiar vart evakuert frå heimane sine på Horgheim i Romsdalen.

Ordfører Lars Olav Hustad i Rauma Foto: Odin Jæger

– Du har fleire gonger sagt at du er imponert over måten dei tar det på. Men etter meir enn ei veke, korleis har dei det?

– Dei syns det er trasig på den måten at det er ei uvisse rundt det. Men det går etter forholda bra. Dette er folk som er vant til å ordne ut. Dei tar det på ein imponerande måte, seier Hustad.

Støtte

For å gjere situasjonen enklare for dei evakuerte, er det ordna slik at dei har berre éin kontaktperson å forhalde seg til.

– Dette er ein person som har til oppgåve å innhente andre sin kompetanse når dei treng det.

Eitt område kommunen gir støtte på er å arrangere eit møte med forsikringsselskapa.

– Vi har avtalt eit møte med forsikringsselskapa neste veke. Det er kommunen som arrangerer møtet. Også NVE stiller med folk.

– Kva meir sa dei evakuerte på møtet i kveld?

– Dei takkar for måten kommunen har informert og hjelpt. Og det er jo bra, seier ordføraren til Sunnmørsposten.

Stabil hastigheit på fjellet

Kommunen på si side har møte med beredskapsgruppa ein gong for dag.

Rauma kommune skriv på si nettside at dei ustabile fjellmassane bevegar seg med ei fart på litt over 1 cm i døgnet i øvre del og 7 mm i den nedre delen. Geologane meiner hastigheita har stabilisert seg på et høgare nivå enn det dei tidlegere har målt i periodar med lite nedbør.

Total rørsle i fjellet sidan målingane starta.
Hastigheita til dei ustabile fjellmassane.