Ei kvinne ligg fredag kveld på Ålesund sjukehus, etter at bilen ho sat i vart påkøyrd i Valderøytunnelen fredag ettermiddag.

Les også: Fikk motorstopp i tunnel - ble påkjørt

Bilen er vrak.

– Det var to personar i bilen. Med dei har det gått bra, fortel ein nær slektning av dei to.

Han var ikkje sjølv til stades då ulukka skjedde, men han har besøkt den skadde kvinna på sjukehuset, og han har snakka også med den andre som vart påkøyrd.

– Ho ligg på sjukehuset, veldig forslått, og til overvaking, men ikkje alvorleg skadd, fortel den mannlege slektningen til Sunnmørsposten.

Motorstopp

Bilen dei køyrde fekk motorstopp i tunnelen, som går mellom Valderøy og Ellingsøy ved Ålesund.

– Sjåføren gjekk ikkje ut av bilen fordi det var mykje trafikk, mange bilar køyrde forbi. Han sette på naudblinken. Deretter gjekk passasjeren bort til naudtelefonen, fortel han.

Kraftig

Han tar kontakt med avisa for å vise kor kraftig kollisjonen må ha vore.

Han vil også gjerne rette på politiet. Vakthavande operasjonsleiar hos politiet hadde fått opplyst at kvinna vart påkøyrd då ho gjekk i tunnelen.

– Dette stemmer ikkje. Det var etter at ho hadde sett seg inn i bilen igjen at kollisjonen skjedde, fortel han. – Ho hadde akkurat sett seg i bilen igjen, og då small det.

Slektningen seier han synest det er ekkelt å tenke på kva som kan ha skjedd dersom kollisjonen hadde skjedd nokre sekund tidlegare, medan kvinna enno var utanfor bilen.

Røntgen

Den andre personen som vart påkøyrd er fredag kveld heime igjen, etter å ha vore til røntgenundersøking på Ålesund sjukehus. Ulukka skjedde ved 14.40-tida fredag.

Føraren som køyrde inn i bilen fekk beslaglagt førarkortet. Ålesundtunnelane var stengd i rundt 40 minutt, før dei vart opna med redusert kapasitet. Like over klokka 16.30 vart det opna for normal trafikk.