- Eg er så lettrørt, så eg må ha på solbrillene, sa Jan Thomas då barna i Almejordet barnehage song for han i Ulsteinvik.

Stylist og hårfrisør Jan Thomas har gått på så mang ein raud løpar, og opplevd ei rekkje mottakingar. Men aldri som i Ulsteinvik.

- Når ein har vorte 47 år, er det ikkje så ofte ein opplever noko for første gong lenger, men det gjer ein no. For ein velkomst! Det er veldig sjeldan eg vert stum, men det vert eg no.

Jan Thomas meinte det var heilt strålande. Han smilte, filma barna og song med på «Bæ, bæ lille lam».

Glede med song

Barna frå Almejordet barnehage song frå rikhaldig repertoar både då dei venta på at stylisten skulle kome og då Jan Thomas var på plass.

- Vi liker å glede alle med song, vi, anten det no er på aldersheim eller kjøpesenter, eller kvar, sa Grete Kristin Bjerknes Kvalsund frå barnehagen.

Inne på Blåhuset venta Peter Demirov med skreddarsydd Madonna-potpourri.

- Vi veit at Jan Thomas er glad i barn og i Madonna sin musikk. Vi på Blåhuset er lydhøyre og behovsprøvde, og difor har vi laga til dette programmet, sa senterleiar Diana Moldskred.

Stor etterspørsel

Jan Thomas er i Ulsteinvik i samband med lansering av ein ny serie hårprodukt som han har utvikla for nordisk hår. Han skulle ha møte med ein og ein kunde, og Moldskred fortel om stor interesse frå folk frå heile Nordvestlandet.

- Vi hadde dessverre ikkje plass til alle som ønskte, og det trist.

Men ho var ikkje mykje trist då ho tok i mot hårstylisten. Det var full showfaktor med spesialpynta bil, høge glas og applaus.

- Kvifor kom han til Blåhuset?

- Kvifor ikkje? Ler ho. Dette berre viser at Blåhuset ikkje er som andre hus.

Jan Thomas leitte raskt fram mobilen og sikra seg film av songen til barnehagebarna. Foto: Torill Myren
Mariann Hovlid frå parfymeriet der Jan Thomas skulle lansere hårprodukta sine viser fram T-skjorta si med bilde av Jan Thomas for barna frå Almejordet barnehage. Foto: Torill Myren