Dramastudentane Phillip Gjertsen (22) og Steffen Haugen (22) er samde: Det hadde vore stilig å kome inn på teaterhøgskulen. Men først må dei fullføre bacheloren i drama/teater på Høgskulen i Volda. Søndag, måndag og tysdag skal dei to og resten av andreårsstudentane vise fram årets eksamensstykke for publikum.

– Det ligg mykje hardt arbeid bak ei slik oppsetting. Men vi får energi av det. Å spele teater gir oss så mykje! Og å få framføre det er det absolutte høgdepunktet, synest Haugen.

Ellevilt

Framsyninga «Sjakk Matt» er basert på Eugene Ionesco sitt teaterstykke «Kongen dør». Publikum får følgje ein konge som har fått beskjed om at han skal døy, gjennom ulike stadium – frå fornekting til ellevill entusiasme. Det allmennmenneskelege i dramaet er redsla for å døy. «Kongen dør» vart i si tid karakterisert som poetisk absurdisme.

– Dette stykket er kanskje Ionesco sitt minst absurde. Han tek opp eit viktig tema, som det er vanskeleg å snakke om. Når vi går så djupt inn i teksten og karakterane som vi gjer, så får det eigne tankar til å gå, seier Phillip Gjertsen.

Absurd

Førstelektor i drama og teater, Sigrun Meisingset, fortel at ho og studentane har hatt eit ønske om å ikkje berre iscenesette absurde tekster, men å lage absurd teater.

– Difor har vi utforska ulike spelemåtar, overdrivingar står i kø, og roller vert fordobla. Vi hentar inspirasjon frå farsen og burlesken, utan å miste alvoret, seier Meisingset.

Ho forklarer vidare at kongen i stykket representerer heile menneska, og på same tid som han er den vesle mannen som kjenner angst og redsle.

– Difor er dette eit gripande skodespel. Det er djupt alvorleg, men også poetisk, grotesk og teatralsk – og ikkje minst absurdistisk.

Studentane Gjertsen og Haugen med skodespelardraumar i magen, håper folk vil møte opp og sjå kva dei har fått til på eksamen.

– «Sjakk Matt» har vorte ei underhaldande og morosam framsyning. Stykket er merkeleg og sært på ein måte som vi trur vil fengje den vanlege borgar, avsluttar 22-åringane.

<strong>Kongar:</strong> F.v. Phillip Gjertsen og Steffen Haugen. 22-åringane deler på rolla som kongen. – Somme tider startar den eine ei setning og den andre avsluttar. Det har vore utfordrande å øve inn, men svært kjekt, synest dei to. Foto: Hild Nordal
<strong>Legar:</strong> F.v. Maria Masvie og Anne Marta Hoslemo deler på rolla som kongens lege, bøddel, astrolog og kirurg. Foto: Hild Nordal