Ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, er forferda etter at kommunen i dag fekk beskjed om at dagambulansen i kommunen vert fjerna.

Håkon Gammelsæter i Ambulanse Midt-Norge har tidlegare opplyst til smp.no at det denne veka har vore målretta møte om ambulansebilane rundt om i distriktet.

- Det gjeld møte med Helse Møre og Romsdal HF, med lokalt tilsette ved berørte stasjonar og berørte kommunar, opplyser Gammelsæter.

Ambulansekutt var aktuelt i både Vanylven og Ulstein for Sunnmøre sin del. I Vanylven forsvinn ein dagambulanse av to bilar.

Det var i februar at styret i Ambulanse Midt-Norge vedtok at dei skulle moderere ei kuttliste for å spare 25 millionar kroner i 2014-budsjettet. Frå og med nyttår tek Helse Møre og Romsdal over drifta av 32 ambulansestasjonar i Møre og Romsdal.

Ein del av tiltaka for å spare var ikkje forsvarleg i februar, og kutta vart difor utsett.

Følg smp.no på Facebook

Det blei tidleg skissert ei løysing om å opprette ei kommunal samarbeidsstilling for å redde beredskapen i Vanylven, som er ei stor kommune i geografisk forstand. Fleire smp.no snakka med i ambulansemiljøet meinte at dette var ei god løysing.

Torsdag fekk altså ordførar Helgøy beskjed om at det blir kutta ein bil.

Dagbilen i Vanylven hadde berre 172 oppdrag i 2013. Da den er på vakt fem dagar i veka, svarar det til eitt oppdrag kvart andre døgn. Samtidig er Vanylven 385 kvadratkilometer, omtrent like stort som Sande, Herøy, Ulstein og Hareid til saman.

Saka om kutt i ambulansar skal ikkje styrebehandlast i Ambulanse Midt-Norge, og difor blir det Helse Møre og Romsdal sin sak.

Administrerende direktør Håkon Gammelsæter i Ambulanse Midt-Norge. Foto: AMN