Det seier Svein Arne Øye, pelsdyrbonde på Øye i Ørsta. Han har drive med pelsdyr sidan 1973. Då tok han over etter far sin, som starta opp med pelsdyr allereie i 1942. I dag er det sonen til Svein Arne igjen som formelt har teke over. Han blir då tredje generasjon pelsdyroppdrettar i familien.

LES OGSÅ: Er dette slutten for pelsdyrnæringa?

- Tidspunktet for dette utspelet til dei fire partia er også merkeleg fordi den førre regjeringa sette ned eit utval som skulle sjå på pelsdyrnæringa. Og dei skal kome med si innstilling i desember, legg Øye til.

Han beklagar at dei borgarlege partia etter hans syn no ser ut til å gje etter for presset frå  dyrevernsorganisasjonane som i mange år har kjempa for å få lagt ned pelsdyrnæringa.

No kan det sjå ut til at dei kjem til å lukkast. Sjølv om Stein Arne Øye ikkje trur at siste ord er sagt enno. For sjølv har næringa i mange år avvist at dei driv med dyremishandling.

- Det er jo snakk om inntektsgrunnlaget til fleire. Berre her i nærområdet er det fem-seks bruk som har pelsdyr som si viktigaste inntektskjelde, seier Øye. Sjølv hadde han  6000 mink tidlegare i år, før dei tok til å pelse.

- Prisane på skinn har også vore gode dei siste åra, legg Svein Arne Øye til.

Dyrevernarane jublar

- Dette var eg ikkje klar over. Meldinga er ekstremt gledeleg.

Det seier Live Kleveland, informasjonsleiar i Dyrevernsalliansen. Dei har sidan 2001 kjempa hardnakka for å få lagt ned pelsdyrnæringa i Norge.

No føler Kleveland at dei er komne eit viktig steg nærare ei slik avvikling.

- Kvifor dette store engasjementet mot pelsdyrnæringa?

_ Fordi dette er dyremishandling. Rev og mink er rovdyr som aller minst er eigna til å haldast i bur. Dei er ikkje genetisk temma, og er ikkje tilpassa eit liv saman med menneske. Pelsdyrnæringa høyrer fortida til, meiner Live Kleveland.