Med fire elevar som snorklipparar vart den 1,3 kilometer lange gangvegen til 25,8 millionar kroner opna aust for bygdesenteret Larsnes i Sande kommune fredag føremiddag. Både kommunen, Statens vegvesen og hovudentrepenør Aurvoll/Furesund as vart sterkt representert under opninga av prosjektet, som er bygd gjennom eit  terreng som krev den største smidigheit frå så vel utbyggjar som grunneigar.

Meir enn veg

Den nye gangvegen går nemleg langs høge fjellhamrar, snik seg kloss forbi fleire typar bygg og bratte skråningar. Likevel har ikkje Statens vegvesen måtta rive og løyse inn eit einaste hus med tvang under bygginga, berre ei løe som likevel kunne fjernast. Under gang- og sykkelvegen ligg eit tett nettverk med trekkerøyr for alt frå fiberoptisk hovudgate for søre Sunnmøre, til høgspent straum og kva det måtte vere.

20.000 kr

Dermed er dette prosjektet meir enn ein gang- og miljøveg, poengterte oppsynsmann Arne Leikanger frå Statens vegvesen etter opninga. Han kunne fortelje om ein byggjekostnad på 25,8 millionar kroner, noko som tilsvarer ein meterpris på nærare 20.000 kroner for ein gangveg.

Song

Dette kan høyrast dyrt ut for ein halvannan meter smal gangveg, men det er før ein ser terrenget og topografien der vegen er bygd. Etter opninga var det kaffi og kake for alle på rådhuset, der nær 70 barneskuleelevar og rektor Trond Torset underheld med fyndig song. Og der hovudaktørane for utbygginga nesten kappast om å takke og lovprise kvarandre for eit framifrå samarbeid gjennom byggjeprosjektet.

Snorklipping med fire elevsakser – med snor strekt ut av Bjarne Kvalsvik frå fylkeskommunen og ordførar Dag Waagen. Foto: Knut Arne Aarset
68 barneskuleelevar veit å setje pris på å ha fått seg ny gang- og sykkelveg fram til Larsnes skule. Her kvitterer dei samstemt i lag med rektor Trond Torset. Foto: Knut Arne Aarset