Ved 20.30-tida, laurdag fekk Møre og Romsdal 110-sentral melding om ein pipebrann i ein einebustad i Vanylven, nærare bestemt i eit byggjefelt på Åheim.

- Brannvesenet rykka ut, og har kontroll på staden. Brannen har ikkje spreidd seg, seier operatør Tor Ivar Sjåstad ved sentralen til smp.no klokka 21.

- Ved slike brannar ber vi dei som melder om å stengje trekken. Utan oksygen vil brannen roe seg, noko som igjen vil betre arbeidsforholda for brannfolka, legg han til.