– Eg melde meg som frivillig fordi eg vil gje mitt bidrag til å få slutt på denne epidemien. For det er mogleg. Elles hadde eg ikkje gjort dette, seier Marita Solli.

Ho er utdanna sjukepleiar frå Oslo og Hawaii, og har erfaring frå tidlegare oppdrag i Afrika.

Støtte heimefrå

Det har faktisk alle i den første gruppa på 15 helsearbeidarar som dreg til det vestafrikanske landet Sierra Leone i byrjinga av desember. Sierra Leone er eit av landa som er hardast råka av epidemien.

– Kva sa familien då du fortalde at du hadde meldt deg på?

– Sambuaren min støttar meg. Mor mi var litt skeptisk i starten. Det var ikkje akkurat nokon stormande jubel. Men etter at eg fekk fortald henne meir om kva oppdraget går ut på, og kor trygge vi er, så har eg full støtte også heime på Stranda, seier Marita.

– Norge har ressursar og kunnskap

Norske styremakter samarbeider med britane om å etablere feltsjukehus i Sierra Leone. Difor var Marita nyleg på kurs i England.

I ein hangar på ein britisk militærleir hadde dei bygd opp eit komplett feltsjukehus. Der vart dei drilla i arbeidsoppgåvene sine medan dei var iført vernedrakter. Og det var nesten 30 grader i hangaren. For så varmt er det i Afrika.

– Eg synest det er viktig at Norge prøver å hjelpe til for å få slutt epidemien. Vi har ressursar og kompetanse. Det har dei ikkje der nede, forklarer 32-åringen.

Smittetiltak

Oppdraget for det første teamet frå Norge varer i fire-fem veker. Det betyr at dei også blir der i jula. Deretter skal dei ha ein friperiode her heime, før dei dreg ut igjen på nytt.

– Korleis skal du sjølv unngå å bli smitta?

– Ved å følgje rutinane til punkt og prikke. Vi skal ha på oss smitteverndrakter heile tida medan vi er i arbeid. Og vi skal ikkje forlate det bevakta sjukehusområdet medan vi er der.

– Og dersom det verste likevel skulle skje?

– Då veit eg at det står eit fly og ventar på meg, som tek meg heim til Norge der vi har ressursar og fagfolk som kan ta seg av meg, svarer Marita Solli.

<strong>UTBROT:</strong> Frå Sierra Leone, eit av landa som er hardast råka av ebolaepidemien. Plakaten viser bilete av president Ernest Bai Koroma. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix