Det fryktar rådmann Rune Sjurgard og kommuneoverlege Arne Gotteberg i Volda.

Eit statleg oppnemd akuttutval har lagt fram ein delrapport om akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Utvalet kjem også med forslag til nasjonale krav til legevakter, og det er nokre av desse krava kommuneadministrasjonen i Volda reagerer på.

For lang veg

I fleire år har sju kommunar på søre Sunnmøre hatt felles legevaktsentral lokalisert ved akuttmottaket ved Volda sjukehus.

- Dette vil medføre at kommunar i ytre strøk ikkje lenger vil kunne nytte den etablerte nattlegevaktordninga ved Volda sjukehus. Denne delen av utgreiinga vil vere ein trussel mot det velfungerande felles akuttmottaket vi saman med helseføretaket har bygd opp ved Volda sjukehus og indirekte ei svekking av akuttfunksjonar der, heiter det i saksutgreiinga administrasjonen har skrive til politikarane.

Der har dei også rekna ut at grensa for 40 minutt til Volda sjukehus går om lag på Rise i Hareid og på Leikongeidet og i Stokksund i Herøy. Om 40-minuttskravet skulle bli innført, vil nokre av kommunane i ytre måtte avvikle dagens samarbeid om nattlegevakt.

God erfaring

Det blir også peika på at samlokaliseringa har vore i tråd med tidlegare sentrale tilrådingar om intensjonane i samhandlingsreforma.

- Ut frå våre røynsler er motstanden frå utvalet mot samarbeid med sjukehus om akuttmottak og legevaktsentral svært dårleg fundert og grunngitt, heiter det i saksutgreiinga der det også blir understreka at det er viktig å slå ring rundt lokalsjukehuset.

Passe på

Volda-administrasjonen meiner det er viktig å seie frå til departementet om utilsikta konsekvensar når kommunen no skal uttale seg. Rådmannen vil peike på behovet for at staten innhentar kunnskap frå det lokale nivået i samband med sentrale utgreiingar og forslag til endingar.

- Det går med forholdsvis mykje ressursar i kommunane til å passe på og dementere mot sentrale forslag som kan byggje ned og øydelegge velfungerande løysingar, heiter det i saksutgreiinga.

Volda-rådmannen ser ikkje bort frå at regjeringa har eit potensial for å frigjere ressursar i statlege direktorat og departement, ved å legge om prosessane og nytte seg av lokal og fagleg kunnskap i kommunane.

Forslag som kostar

I saksutgreiinga blir det likevel peika på at rapporten har mange positive forslag som vil kunne styrke legevakttenestene for folk i distrikta.

Men forslaga vil påføre kommunane meirutgifter. Difor må det kome statleg finansiering av tiltaka.

- Ei så stor standardheving er ikkje muleg å oppnå, utan sterk statleg medfinansiering, heiter det i tilrådinga.

Blant forslaga til utvalet er at lege på legevakt får fast løn og ikkje betalt per pasient som no.

Det er også forslag om at legevaktlegar bør vere spesialistar i allmennmedisin, eller under utdanning til dette. Eit anna forslag er at legevakt i større utstrekning bør kunne reise ut på sjukebesøk og at alle distrikt skal ha uniformert legevaktbil med hjelpepersonell.