Dette var den raske kommentaren til ordførar Bjørn Sandnes (H) i Haram etter at professor Frode Steen hadde gjort greie for den omfattande kryssubsidieringa av norske flyplassar. Bjørn Sandnes vil heller bruke pengane på Møreaksen.

Det vil seie at pengar som vert inntente på lønsame flyplassar som til dømes Vigra vert overførde til ulønsame som Sandane, Hovden og Molde.

Ein time til flyplass

Frode Steen som bur i Bergen sa at der må mange finne seg i å ha ein times reiseveg til flyplass, og Bjørn Sandnes sa at ein time til flyplass må ein kunne leve med. Han fekk støtte frå ordførar Charles Tøsse (H) i Stordal. Han meinte at eit pålegg om dette må kome frå sentralt hald.

Professoren sa at det er umogeleg å få norske aviser til å skrive om kryssubsidieringa i flytrafikken.

– Det er mange aviser her i landet. Kven er det som nektar å skrive om dette? Spurde forretningsmann Bjarne Haagensen.

– Vigra er den femte mest lønsame flyplassen i landet. Molde flyplass kostar 34 millionar kroner i subsidiar og Sandane 20, opplyste Frode Steen

Fordeling

Økonomiprofessor Frode Steen sa at det er allmen semje her i landet å drive utjamning, men han spurde om tilskot til flyplassdrift er beste måten. Kan hende er det betre å samle flytrafikken og skape større flyplassar, og i staden bruke meir pengar på fjordkryssingar og betre vegar.

Det er tilslørande ordbruk i det offentlege om slike spørsmål.

Av dei 52 flyplassane i Norge går sju med overskot og Vigra er ein av dei. Der er overskotet 30 kroner for kvar reisande. Men underskotet på Molde er 60–70 kroner for kvar reisande, Ørsta-Volda minus 200 kroner, Sandane minus 500 kroner, Førde og Sogndal minus 300 kvar.

Kvar reisande med fly i Sogn og Fjordane kostar folk andre stader i landet 200 kroner. Jamvel Trømsø går med tap.

For flyplassdrifta i landet sett under eitt er kryssubsidieringa meir enn 400 kroner for kvar passasjerar

Leirin dyrast

– Kvar passasjer på Fagernes lufthamn Leirin kostar andre 4300 kroner. Det er vondt for media å skrive. Der er det jamt over to reisande i kvart fly. Der er tale om ambulansetransport, men ein ambulansetransport var då lufthamnsjefen der fall ned av ei gardintrapp, sa han.

Ordninga med å overføre pengar mellom flyplassane vil seie at det er for dyrt å bruke dei flyplassane som greier seg sjølv og for billeg å bruke dei ulønsame. Det vil seie at det er for liten trafikk på Vigra og for stor trafikk andre stader.

Frode Steen meinte at det vert nødvendig å løyse opp for flyplassane slik det skjer med portotakstane, men ingen ordførar kan gå inn for nedlegging av tilbod som andre betalar for.

Pengane kan heller ikkje dragast ut av distriktet.Derfor kan ein tanke vere å bruke pengar som går til å drive flyplassar til veg i staden. Då får ein betre vegar og flyplassar forholdvis nær med fleire ruter.

–Ein times reisetid til flyplassen er ikkje lenge. Dersom det vert bygt ferjefri veg Molde-Ålesund-Vigra får folk i Molde ein flyplass som er tre gonger så stor som den dei har, peika han på.

Dømet med å ta 54 millionar kvart einaste år av to underskotsflyplassar kjem i tillegg til dei andre pengane som vert brukte på E39.

– Vi må samle oss om færre flyplassar og setje pengane inn i Møreaksen. Dette er ein veg å gå, sa Bjørn Sandnes som la til at grunnen til at han tør seie slikt høgt er at han ikkje stiller til attval.

Flyreiser

Nordmenn flest flyg 11 gongar i året i snitt. Det vil seie at nokre flyg svært mykje, for fire-fem flyreiser i året er vanleg for folk flest.

Ein mindre del av utgiftene går til flyreisa. Det som kostar er reising til og frå flyplassane og parkering.

– Flyselskapa er pressa økonomisk. Dei som tener pengar på dette er dei som byggjer og sel fly og dei som leverer tenester til flytrafikken. Ein tredel av billettprisen i Norge er avgifter.

<strong>Sandane Lufthamn Anda:</strong> Flyplassen i Gloppen i Nordfjord er fleire gonger foreslått nedlagt, men dei raudgrøne brukte store summar på å forlengje rullebana og la E39 i kulvert under bana.
<strong>Molde Lufthavn, Årø:</strong> Flyplassen i Molde med innteikna forlenga rullebane. Under Vigrakonferansen vart det vist til at det hadde vore lurare å heller bruke pengar på Møreaksen og betre vegstandard på E39.