I løpet av dei tre første kvartala i 2014 hadde Olympic Ship-konsernet driftsinntekter på 1,13 millardar kroner, noko som er ein auke på 24 prosent i forhold til same tid i fjor.

Konsernet har sett aukande utnyttingsgrad, marginar og omsetning gjennom året og tredje kvartal var vesentleg betre enn første kvartal.

Resultat etter skatt pr. 30.09 vart 426 millioner kroner mot 106 millionar kroner på same tid i fjor.

Sterke driftsmarginar

Driftsresultat før avskrivingar (EBITDA) var 682 millionar kroner etter årets første ni månader (425 på same tid i fjor) EBITDA-marginen pr 30. september er på sterke 60 prosent, mot 47 prosent på same tid i fjor. For tredje kvartal isolert var den 67 prosent.

Til trass for fleire skip i drift, har selskapet også klart å kutte driftskostnader i forhold til i fjor. Selskapet ser no effekten av å vere eit globalt selskap, og dei ser at den langsiktige satsinga i Brasil er ein operasjonell suksess.

– Vi er veldig fornøgd med tala, og det er «best olympic ever» igjen. Vi har mange dyktige folk i selskapet, og det er fantastisk å få vere med på dette, seier Stig Remøy.

Han trekk også fram at flåten består av miljøvennlege og teknologisk avanserte farty, noko som er ein fordel.

Leiande på miljø

– Olympic er no verdsleiande på miljø. Det ser vi blant anna ved at Olympic-flåten har vakse med åtte fartøy (over 50 prosent) i tidsrommet frå 2010 til 2014 og samtidig er prognosane for våre totale NOX-utslepp lågare for 2014 enn utsleppa i 2010. Dette er eit godt døme på at miljøvennlege operasjonar kan vere i samsvar med gode økonomiske resultat. Våre resultat innan miljø vil i stor grad også kome kunden til gode, seier Remøy.

Utsikter

Han skjelv ikkje over lav oljepris og der Statoil og andre no opplever børsras.

–Olympic Ship har god likviditet og soliditet. Vi har over 1 milliard kroner i arbeidskapital så vi har litt å omstille oss på. Vi har ein god flåte med subsea og konstruksjonsskip og bidreg til å få gass og olje på land på ein billegare måte. Oljeprisen har dessutan femdobla seg på tolv år, og at vi no får ein korreksjon, er ikkje overraskande. For verdsøkonomien og delar av næringslivet kan ein korreksjon av oljeprisen også vere bra, og der vi også får ei svakare krone, seier Remøy.

Men bllir oljeprisen liggjande lavt, må det sjølvsagt omstilling til for alle aktørane i bransjen ifølgje Remøy.

Teknologi og kompetanse

- Det handler då om teknologi og kompetanse. Ein må vere smartare, sikrare, grønare og slik sett kome opp med meir effektive løysingar for å redusere kostnader. Samtidig vil det vere ein sterk befolkningsvekst framover, og der det handlar om at 1 milliard fleire menneske om nokre år treng mat og energi, understrekar Remøy.

Flåten

Olympic Ship har 19 skip i drift, i tillegg til at dei eig minoritetsandelar i 2 PSV-skip som er under management. Selskapet har i tillegg to subseaskip under bygging som skal leverast i 2015. Etter levering vil 15 av gruppa sine totale 23 skip vere sysselsett innanfor subsea- og konstruksjonsmarknaden.

Kontraktsdekning

Utnyttingsgraden på flåten har i perioden vore 85 prosent. Kontraktsdekning for 2015 er 54 prosent fast og 65 prosent inklusive opsjonar.