Beredskapen blir i dag drive av eit interkommunalt selskap der fleire kommunar og fylkeskommunen er eigarar. Som ein del av budsjettavtalen mellom Venstre, KrF og regjeringspartia er det semje om at Staten skal overta Åknes/Tafjord beredskap. Energi- og miljøkomiteen meiner også at kommunane Stranda og Rauma må få kompensert for investeringar som er gjort med låneopptak.

Saka skal opp i Stortinget fredag, men det er klart at det allereie er fleirtal for dette. Ordninga skal ta til å gjelde frå nyttår og omfattar også overvakinga av Nordnorsk Fjellovervåking.

Nasjonal oppgåve

– Selskapet gjer ei nasjonal oppgåve. Difor må staten betale, seier leiaren for Energi- og miljøkomiteen, Ola Elvestuen (V) til Sunnmørsposten. Sjølv om det ikkje er avsett eit konkret beløp til ordninga, er det klare føringar om at staten må bidra gjennom det auka budsjettet til NVE. I semja mellom Venstre, KrF og regjeringa blir det løyvd 20 millionar ekstra til flom- og skredforebygging, og ein del av dette beløpet skal nyttast til å betale ut kommunane.

Fylkespolitikar Gunn Berit Gjerde (V) er svært nøgd med at Venstre og KrF har fått regjeringa over på si side i denne saka.

– Det er veldig positivt at Staten overtek denne oppgåva. Dette har vi forsøkt å få til lenge, seier ho.

– Arbeidd med lenge

Også fylkesordførar Jon Aasen er nøgd med resultatet av tingingane om statsbudsjettet.

– Då NVE skulle ta over, ville dei ta over ansvaret, men ikkje betale utgiftene. Det er ikkje slik du går fram når du tek over eit aksjeselskap. Dette er ei sak vi har arbeidd lenge med, både overfor den førre og den noverande regjeringa. Og at det no endeleg blir ei løysing, og staten tek over både ansvaret og utgiftene, det er veldig, veldig gledeleg, seier Jon Aasen til Sunnmørsposten.

Lokalisert i Stranda

Åknes/Tafjord Beredskap IKS er eit interkommunalt selskap som har ansvaret for overvaking av fjellskred.

Selskapet er lokalisert i Stranda og er eigd av kommunane Stranda, Norddal, Rauma, Stordal, Ørskog, Sykkylven, Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune.

I dag har selskapet operativ overvaking av områda Åknes i Stranda kommune, Hegguraksla i Norddal kommune og Mannen i Rauma kommune.