Hårstad var frå 2004 fram til 1. januar 2014 adm. dir. i Rusbehandling Midt-Norge. I 2013 leia han ein planlagt fusjon av rusføretaket med sjukehusføretaka i Midt-Norge. Hårstad har mellom anna bakgrunn som flygeleiar og arbeidde som avdelingssjef i Lufttrafikktjenesten i Avinor Midt-Norge før han starta som adm. dir. i Rusbehandling Midt-Norge, går det fram av ei pressemelding frå helseføretaket, måndag ettermiddag.

– I dei ti åra eg leia Rusbehandling Midt-Norge samarbeida eg tett med dei tre sjukehusføretaka i regionen, og spesielt i fusjonsåret 2013 var denne kontakta nær, seier Hårstad.

– Når det oppsto ei slik krise i føretaket, og dei som spør meg meiner eg kan bidra med min kompetanse og efaring – då svarer eg ja, seier Hårstad. Han er oppteken av å sjå framover og fortsette arbeidet med å gi pasientane eit godt helsetilbod i fylket.

Les også: Sjukepleierne vil ha Eidsvik tilbakeLes også: Ikke alle er triste for at sjukehusdirektøren går av

Nøgd styreleiar

– Vi er godt nøgd med at Hårstad har takka ja til stillinga, og meiner han har den naudsynte leiarerfaringa og dei personlege eigenskapane som skal til for å leie helseføretaket fram til ein ny direktør er tilsett, seier styreleiar Stein Kinserdal. Kinserdal viser og til at Dag Hårstad er godt kjend med rolla som administrerande direktør, og dei krav det stillast til å leie eit helseføretak.

Sidan helseføretaket har eit direktørskifte så tett på avgjerda om plasseringa av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, er det ikkje knytt forventningar til at han skal vere oppdatert på alt innhald i saka.

Sunnmørsposten meiner: Fingrane av fatet

– Vi forventar ikkje at Hårstad skal kunne svare på spørsmål om innhald i saka etter så kort tid, seier styreleiaren og peiker på at konstituert direktør har mange oppgåver som skal løysast også etter styremøtet i Helse Møre og Romsdal den 17. desember.

– Vi har tidlegare understreka at det er styra i dei to helseforetaka som behandler saka, og det er det viktig å gjenta, avsluttar Kinserdal.

Les også: Vil kaste tillitsvald frå Molde

Positivt motteke

– Slik som eg kjenner Dag Hårstad er han ein person om vil klare å opparbeide tillit i helseføretaket og i fylket, seier Helge Ristesund som er assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal. Ristesund meiner den konstituerte direktøren vil vere ein god person for Helse Møre og Romsdal i den situasjonen føretaket er inne i no.

Hårstad er busett i Trøndelag, og vil pendle til Møre og Romsdal.