Folk strøymde til Hakallegarden i helga for å få med seg teaterstykket basert på Alf Prøysen si forteljing om Snikkar Andersen og Julenissen.

– Eg hadde aldri drøymt om at det skulle kome så mange, seier Aina Moldskred Krakset.

Laurdag var det fullt hus med 120 selde billettar. Søndag var det to framsyningar, fullt hus og til saman 240 som såg stykket.

– Eg måtte avvise mange. Det var ikkje kjekt, men det er fantastisk at det går an å arrangere noko slikt før jul, seier Krakset.

Gøy

Og publikum var begeistra:

– Dette synest eg var gøy, smiler Andres Kobbevik (9).

Han hadde så vidt høyrt om Snikkar Andersen før, men mor Erika Kobbevik hadde ikkje høyrt historia før.

– Eg er frå Chile, og der har vi berre julenissen, men dette var veldig kjekt og spennande, smiler ho.

Små og store var på scena og bidrog til å setje folk i julestemning, med kjende Prøysen-tekstar, song og musikk.

– Det var veldig kjekt å vere med, og det er utruleg kjekt at det kjem så mykje folk. Her har vore folk heilt frå Førde og Ålesund, seier Bjarte Løvold som spelte Snikkar Andersen og som til dagleg er maskinentreprenør.

Han har tidlegare spelt litt amatørteater i ungdomslaget på Åheim, og suksessen i helga har gitt meirsmak.

Katrine Fjell Holen hadde regi og koreografi på stykket. Sidan 2008 har ho drive musikkensemblet Some people i Oslo, men no bur ho og familien eitt år i Vanylven.

– Plutseleg fekk eg kontakt med dei rette folka, og det var moro at vi fekk ha stykket her, seier Holen.

TV-serie

Arrangementet i helga viser at det er interesse garden også utanom det ein reknar for sesongen. No er eigarane spent på korleis tv-serien neste år vil slå ut på besøket.

– Vi tenkjer at det er positivt ikkje berre for oss, men for heile området. Vi treng å få folk til Vanylven, og eg vil at fleire skal få noko igjen for denne tv-serien, seier Aina Moldskred Krakset og viser til at Langedrag fekk fleire tusen besøkjande etter tv-serien.