Bygda Tafjord i Norddal var tysdag utan vegsamband etter at om lag 50 kubikk med stein og jord dundra ned på fylkesvegen.

– Det var fem-seks elevar, nokre barnehageungar som måtte vere heime, i tillegg til to lærarar og nokre tilsette ved sjukeheimen, fortel ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal.

Raset gjekk over fylkeveg 92 mellom Tafjord og Sylte, og stengde vegen effektivt fram til tysdag ettermiddag.

Ein geolog klarterte området og ga klarsignal til at entreprenøren kunne rydde vegen, opplyser vegtrafikksentralen klokka 13.20. Vegen ville truleg opne innen eit par timar.

– Det ligg fire-fem store steinblokker på vegen, og sjølv om entreprenøren er på staden og kan fjerne dei, kan vi ikkje opne vegen før geologen har vore oppe og sett om det er fare for at det kan kome ned meir, sa Odd Einar Hjellen, prosjektleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, tidlegare på dagen.

Geologen måtte opp i helikopter for å få overblikk over situasjonen.

Sjekk siste oppdaterte vegmeldingar for å sjå om vegen er opna (ekstern lenke)

Vegtrafikksentralen fekk melding om raset litt etter klokka 05.30, tysdag.

- Raset har gått på Nerhus. Det er ikkje så stort, men det har tatt med seg eit tre. Treet og ein del jord sperrar vegen, slik at det ikkje er mogleg å passere, heitte det tidleg tysdag morgon.

Har du tips eller bilde om denne saka? Kontakt oss på 95 400 400 eller 95400400@smp.no

Raset har gått på Nerhus, mellom Sylte og Tafjord. KART: GOOGLE MAPS