Nestleiar Petter Bjørdal i Helse Møre og Romsdal snudde. Det gav siger til Molde, i striden med Kristiansund om plassering av nytt fellessjukehus.

Store delar av hausten har Bjørdal vore fast bestemt på at nytt sjukehus bør ligge på Storbakken i Kristiansund.

– Kva gjorde at du snudde?

– Det var då vi fekk fram ein økonomisk oversikt, der investeringane aukar frå rundt 3,5 milliardar til 6 milliardar. Vi har ikkje byrja å finrekne på dette, det er fire år til vi skal byrje å bygge, og det er dessverre slik at då vil det kanskje vekse enno meir.

Han fann lite som skilde dei to alternativa. Tidleg i fasen hadde han Kristiansund som favoritt. Men han meiner saka endra karakter i førre veke, med tanke på dette med økonomisk bereevne. Det at det plutseleg har blitt dyrare å bygge sjukehuset bekymrar Ørsta-mannen.

– Kor viktig var det å få eit vedtak i dag?

– Det er jo viktig for prøve å lande striden. Vi har hatt eit oppdrag. Og det har ikkje vore enkelt dei siste dagane, det har vore bra trøkk på oss i styret.

Sjå også: Samlesak frå det høgdramatiske styremøtet

Funksjonsfordeling

I onsdagens styremøte i Helse Møre og Romsdal sa Bjørdal at Helse Møre og Romsdal ikkje kan bygge utan eit solid økonomisk fundament. Då blir spørsmålet kva helseføretaket bør gjere for minst muleg konsekvensar.

– Jau, å samle det i sør og få eit tettare samarbeid mellom Ålesund og Molde, sa Bjørdal i styremøtet.

– Kampen om funksjonsfordeling vil gå frå måndag av, i alle fall frå 2. januar. Det blir tøffe tak, men tiden for omkamp for lokalisering er over når fredagen er omme, lovar Bjørdal.

Bjørdal kjem frå Søre Sunnmøre, som har Volda sjukehus.

– Vi har i dag ei funksjonsfordeling mellom Volda og Ålesund, seier Bjørdal, og nemner fødslar, ortopedi og kirurgi.

– Blir det no ein funksjonskrig mellom Sunnmøre og Molde?

– No blir det nokre tøffe krav framover.

– Føler du at vedtaket gir tillit når det er korrupsjonsanklagar?

– Helseministeren får ordne for seg, så skal vi ordne for oss, seier Bjørdal.