Det går fram av ei pressemelding signert Arnulf Goksøyr, torsdag føremiddag.

- Krumsvik går over i stilling som spesialrådgjevar fram til 31. oktober neste år. Assisterande rådmann Olaus Jon Kopperstad vert konstituert som rådmann i Herøy frå dags dato, heiter det i meldinga.

Vil ikkje kommentere

- Herøy kommune ønskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar utover dette, skriv Goksøyr. Overfor smp.no gjer Erlend Krumsvik det klart at heller ikkje han vil kommentere kvifor han er løyst frå stillinga som rådmann.

- Det er kontraktsfesta i avtalen at han ikkje skal kommenterast, opplyser Krumsvik kort.

Var tema på hemmeleg møte

Formannskapet i Herøy hadde i oktober i år eit hemmeleg møte på Thon Hotel Fosnavåg, der dei behandla ei personalsak. Ordførar Goksøy ville då ikkje stadfeste at saka handla om rådmannen, men dette har Sunnmørsposten fått vite frå andre kjelder.

Møtet i formannskapet var hasteinnkalla per telefon, utan sakliste eller offentleggjering på førehand, slik kommunelova krev.

På spørsmål om kvifor møtet vart halde på hotellet, og ikkje i det faste møterommet på rådhuset svara ordføraren følgjande:

– Det var heilt tilfeldig, men der fekk vi vere i fred. Møtet var av ein uformell, intern karakter.

Han ville då ikkje hengje seg opp i formelle detaljar om møtelover.

– Eg har konferert med KS, dei har gitt råd om å gjere det på denne måten, denne gongen. Vidare fekk eg som ordførar også aksept av eit samla formannskap om å gjere det slik, opplyste Goksøyr.

– Vart det gjort vedtak?

– Eg vil heller seie det slik: Vi fekk avklart kva handlingsrom vi har i denne saka, sa Goksøyr. Ei ringerunde til fleire av formannskapsmedlemmane etter møtet ga ingen klare svar om kva som hadde vore tema.

Les også: Hemmeleg om rådmann

Saka blir oppdatert.