111 festivalar og arrangørar har fått støtte frå Kulturrådet sine festival- og musikkarrangørordningar for sine arrangement i 2015.

Jugendfest, Sunnmøre kammermusikkfestival og RaumaRock på Åndalsnes får alle støtte - dog mindre enn det dei søkte om.

- Det har dei siste par åra vore lita vekst i ordninga, noko som har gjort det utfordrande for Arrangørutvalget å møte behova festivalane har og dynamikken i arrangørfeltet, seier nestleiar i Kulturrådet og leiar av Musikkutvalget for arrangørstøtte, Arnfinn Bjerkestrand, i ei pressemelding torsdag.

Mange får det same

Medan Jugendfest søkte om 400.000 og Sunnmøre kammermusikkfestival om 300.000, blir dei tildelt 100.000 kroner kvar. RaumaRock søkte om 400.000 og får 150.000.

Jugendfest og RaumaRock fekk same sum i år, og kammermusikkfestivalen får 30.000 meir i 2015.

Elles i fylket får Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival, som søkte om 1.350.000, 300.000 kroner, og Vårsøghelga i Surnadal, som søkte om 400.000, 100.000 kroner. Dette er høvesvis same og 50.000 mindre enn dei fekk i 2014.

Studentfestival får ikkje noko

Av 157 søknadar frå musikkfestivaler rundt om i landet, valde Kulturrådet å støtte 111 med til saman 47,4 millioner kroner. Dei 157 søknadane utgjorde ein totalsum på om lag 114 millionar kroner - ein del over det som vart delt ut, altså.

Sommarljom i Ørsta, Veka 2015 i Volda  og Fjord Cadenza på Skodje søkte om henholdsvis 54.000, 100.000 og 450.000 kroner, men fikk ingenting. Sommarljom fekk 30.000 kroner i fjor.

Utvidar feltet

- For å få ei betre oversikt over kva for tiltak som gir best kunstnariske resultat, er det eit økt behov for å kunne sjå heile feltet i samanheng. Fagutvalet har difor beslutta å hente midlar frå musikkarrangørordninga for å gi støtte til nokre mindre festivalar og andre arrangement som fell utanfor festivalordninga, supplerer Bjerkestrand.

Arrangørordninga til Kulturrådet støtta tidlegare hovudsakeleg arrangørar med eit heilårleg konserttilbod, men i 2012 opna dei for å gi tilskot også til enkeltkonsertar og festivalar.

I Sogn og Fjordane får Balejazz (200.000), Utkant-festivalen i Gulen (150.000), Målrock i Årdal (100.000) og Gloppen Musikkfest (250.000) støtte i 2015. Fjordblues søkte om 150.000, men vart ikkje tildelt noko denne gongen.

Organisasjonen Kulturrådet gir tilskot til kunst- og kulturtiltak i heile Norge, er pådrivar for nye prosjekt, driv utviklingsarbeid og er rådgjevar for staten i kulturspørsmål.